Hopp til innhold

Rotevatn er førebels ute av tinget: – Val er brutale greier

FØRDE (NRK): Dagen deretter lever Sveinung Rotevatn framleis i uvissa. Ein av Venstre sine kronprinsar risikerer å måtte pakke seg ut av Stortinget, men sjølv nektar han å ta sorgene på forskot.

Sveinung Rotevatn, dagen etter stortingsvalet 2017

VIKTIG POSISJON PÅ STORTINGET: Tysdag morgon vil Sveinung Rotevatn (V) helst ha fokus på at Venstre på landsplan har sikra seg ein framleis viktig strategisk maktposisjon på Stortinget. – For partiet ser det rimeleg greitt ut, og for min del er det framleis ganske uavklart.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Val

– Det er framleis fem prosent av stemmene som ikkje er talde opp. Små endringar kan forskyve kor dei ulike utjamningsmandata hamnar, så eg er ikkje budd på verken å drikke gravøl eller sprette champagnen heilt enno, seier Rotevatn til NRK tysdag morgon.

For han vart valkvelden ekstra nervepirrande, der Venstre lenge låg under sperregrensa. Sjølv om partiet etter kvart klatra over den berykta grensa, har ikkje Venstre sin stortingsmann frå Sogn og Fjordane noko å juble over på eigne vegne.

Medan Sp, Arbeidarpartiet og Høgre har sikra seg kvart sitt stortingsmandat frå fylket, er det førebels Tore Storehaug frå KrF som ligg an til å kapre utjamningsmandatet som Rotevatn har hatt.

Korleis det ser ut på slutten av dagen er enno ope.

– Det er sjølvsagt ganske nervepirrande.

Stortingsrepresentanter i Sogn og Fjordane

RESULTAT100 % opptaltOppdatert 06.10.2017, kl. 13:04
  1. Liv Signe Navarsete
    65 år, Senterpartiet
  2. Ingrid Heggø
    62 år, Arbeiderpartiet
  3. Frida MelværNY
    52 år, Høyre
  4. Utjevningsmandat
    Tore StorehaugNY
    32 år, Kristelig Folkeparti

Gler seg på Venstre sine vegne

Med sterk støtte frå heimkommunen Eid kapra den då 26 år gamle Sveinung Rotevatn utjamningsmandatet frå fjordfylket ved stortingsvalet 2013. Sidan har han etter kvart markert seg som ei sterk nasjonal stemme for partiet.

Fire år etter vart 30-åringen svikta av sine eigne. I Eid gjekk Venstre tilbake 8,2 prosentpoeng, medan partiet i Sogn og Fjordane hamnar på akkurat 4 prosent etter ein tilbakegang på 2,3 prosentpoeng.

Trass ein tilbakegang på 0,9 prosent på landsplan, landar Venstre over sperregrensa med 4,3 prosent. Erna Solberg og co. held på det borgarlege fleirtalet, og dagen etter valkvelden er det dette Rotevatn helst vil snakke om.

– Det er skuffande for meg personleg, men eg må seie at eg først og fremst eigentleg er ganske glad. Venstre har for første gong sidan 1969 klart å gjere to val på rad over fire prosent. Det er vi godt nøgde med.

Sveinung Rotevatn og Frida Melvær

EI INNE OG EIN (FØREBELS) UTE: Sveinung Rotevatn frå Venstre ligg tysdag morgon an til å miste plassen sin på Stortinget. Frida Melvær frå Høgre kunne i natt sleppe jubelen laus for plass på stortingsbenken frå Sogn og Fjordane.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Har trua på Storehaug

Rotevatn sjølv må leve i uvissa nokre timar til. Om han ikkje får attval vil det blir store omveltingar i kvardagen for den tidlegare Unge Venstre-leiaren.

– For meg personleg vil det bety at eg må sjå meg om etter noko anna å gjere, og slik er det av og til. Val er brutale greier, og det er veljarane som bestemmer.

– Om det blir Tore eller Sveinung, så blir det veldig bra uansett. Det er to veldig dyktige og kunnskapsrike karar, seier Frida Melvær frå Høgre som er inne på tinget frå fylket.

– Om eg ikkje blir attvald, er eg glad for at det er Tore som tek plassen. Eg trur han i så fall vil gjere ein veldig god jobb, seier Rotevatn.