NRK Meny
Normal

Rotar vekk for mange poeng på uavgjort

Nær halvparten av kampane til Sogndal har enda uavgjort under årets sesong. No skal kynismen vekkast i laget frå Sogn.

Ramsland scorer 1-0

SKAL BLI MEIR KYNISKE: Under kampen mot Stabæk rota Sogndal vekk leiinga og kampen enda 1–1. Til kampen mot Tromsø neste helg skal laget frå Sogn bli meir kyniske.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

– Spesielt på heimebane har det vore for mykje uavgjort, der har vi gitt frå oss mykje poeng, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Sogndal har skusla vekk viktige poeng i sluttminutta, og totalt ti kampar har enda i uavgjort for laget. Med det har sogningane tapt viktige poeng i kampen om å sikre seg fornya plass i Tippeligaen.

Førre heimekamp på Fosshaugane enda 1–1 mot Stabæk. Sogndal rota vekk leiinga, då laget frå aust utlikna eit kvarter før kampslutt. Det same skjedde i kampen helga før, då Sogndal spelte 1–1 mot Start. Heilt på slutten av kampen utlikna sørlendingane, eit mål som lett kunne vore hindra.

Bakke veit kva som må gjerast. Sogndal må vinne kampar.

– På bortebane har vi tatt bra med poeng. På Fosshaugane føler eg at vi ikkje tapt så mange, men vi har ikkje vunne nok. Det må vi gjere i haust, seier Bakke.

Seks uavgjort på Fosshaugane

Sogndal står med seks uavgjort på heimebane og ligg no på ein tiandeplass på tabellen, men det er ingen grunn til å bekymre seg, meiner Bakke.

– Eg føler vi stort sett har vore gode gjennom heile sesongen. Vi har hatt eit par glipp. Eg er ikkje bekymra for noko så lenge vi presterer, seier han.

Eirik Bakke

EIN GOD SESONG: Sogndal-trenar Eirik Bakke meiner laget har vore gode gjennom sesongen, til trass for eit par glipp.

Sogndal-spelar Martin Ramsland har etterlyst eit meir kynisk lag som ikkje gir frå seg viktige poeng, noko Bakke er heilt samd i.

– Å vere kynisk er noko vi må tilbake til. Det er likevel ein del av spelet. Ein får som fortent.

Til nord for å sikre tre poeng

Det er spelefri i helga, men sundag 11. september møter Sogndal eit Tromsø-lag i nord som ligg to plassar bak på tabellen.

– Vi satsar på siger. Tromsø er ein god moglegheit til å ta poeng, då det er eit lag som ligg bak oss på tabellen, seier Bakke.

Hausten skal brukast til å sikre fleire sigrar, og mindre uavgjort.

– Vi kjem til å plukke poeng jamt og trutt. Eg håper vi bikkar desse kampane med uavgjort til sigrar, fortel Bakke.

Ghanesiske Mahatma Otoo blir verande i Sogndal ut sesongen, og kan bli ein viktig nøkkelspelar for laget som slit med skader.

– Det er noko vi har trudd heile tida, og han er heller ikkje interessert i å reise vekk. Med den situasjonen vi er i med skader, så kjem han til å bli ein viktig spelar i sesongen. Så får vi sjå om vi får han til å signere ei kontrakt vidare, seier Bakke.

Laster innhold, vennligst vent..
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen