Feilmedisinering er blitt eit aukande problem

I 300 tilfelle har det blitt gjort feil med medisinar i Helse Førde dei siste to åra. – Alvorleg, seier pasientombodet.

Video Legemangel fører til feilmedisinering

FOR MYKJE FEIL: Med betre rutinar meiner pasientombodet at Helse Førde kan få ned talet på feilmedisineringane.

Foto: Nyhetsspiller

– Vi veit at feilmedisinering på landsbasis er ein stor del skadar som går på det. Det er også ein del som har fått pasientskadeerstatning på bakgrunn for feilmedisinering og dei følgene det har fått. Det er alvorleg, det kan vere svært alvorleg, seier pasientombod Lisa Førde Refsnes.

Ferske tal viser at det for åra 2014 og 2015 vart registrert 313 legemiddelsaker ved Helse Førde sine institusjonar. Dette er ein klar auke samanlikna med perioden 2008 til 2013.

Lisa Førde Refsnes

PASIENTOMBOD: Lisa Førde Refsnes meiner Helse Førde må få ned tala på feilmedisinering.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Ein del svikt i systemet

Feil utdeling av medisin, feil dosering, medisin gitt til feil pasient og medisin gitt på feil måte inngår i tala. Også feil lagring av medisin, feil i narkotikarekneskap og feil i samband med reseptar utgjer ein del av talmaterialet.

Fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik, vedgår at det er ein del svikt i systemet.

Kjenner seg sett i gapestokken

HAR BETRINGSPOTENSIAL: Hans Johan Breidablik i Helse Førde vedgår at det blir gjort feil, og at dei har eit forbetringspotensial.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Dersom ein held det opp mot talet på behandlingsepisodar er langt over 100 000 i året så er det relativt sjeldan det skjer noko. Men vi vil jo unngå at desse hendingane skjer. Det er viktig å vedgå at i eit komplisert system skjer det av og til uheldige ting. Ofte har dei uheldige tinga heldigvis lite å seie, men av og til har dei stor betydning.

– Må lære av feila som er gjort

Det er viktig at Helse Førde lærer av feila som har blitt gjort, seier Førde Refsnes.

– Feilmedisinering er ein type saker som kan unngåast dersom ein har gode rutinar og lærer av tidlegare feil. Så sånn sett synest eg det er urovekkande viss Helse Førde ikkje klarer å få redusert desse tala, men at dei er stabile eller til og med har ei auke.

Breidablik vedgår at Helse Førde har forbetringspotensial.

– Særleg i saker knytt til feil på legemiddel er det eit forbetringspotensial. Dette handlar også om nye tekniske løysingar som gjer det lettare å garantere at pasienten alltid får det som er bestemt til rett tid.