Mange stader ligg det rot og skrot som reiskapar, bildekk og materiale som burde ha vore vekke og plassert innomhus, meiner Berge.
Dårleg rykte
Berge flytta til Vik for knappe to år sidan. Han er gamal bonde og meiner Vik får eit dårleg rykte om dei ikkje tek tak i problemet på nytt. Mange turistar kjem kvart år til bygda og er dei fyrste som legg merke til manglande orden. Berge har dokumentert alt skrotet han har kome over på video, og gitt klar melding til kommunen.
- Vik presenterer seg som ei turistbygd, og då må turistane sjå at her bur det folk som likar å ha det ryddig og pent rundt seg, seier Berge.
Har aksjonert
Ordførar Erik Lidal seier dei har hatt ein aksjon for å gjere turistkommunen finare, men lovar å sjå på saka på nytt.
- Eg ynskjer at vi har ei bygd som ser skikkeleg ut både for turistane og for oss som bur her, seier Lidal.