NRK Meny

Roska melder seg ut av Venstre

Leiar av Førde Venstre, Sindre Roska, melder seg ut av partiet i protest mot politikken partiet har ført sentralt. Roska har vore venstremann sidan 1993, men på sin eigen blogg skriv han at han ikkje lenger kan stå inne for skattepolitikken, lempinga på rettane til vanlege arbeidstakarar eller valet om å støtte Frp i regjering. For Roska toppa det heile seg då Venstre støtta vedtaket om å innføre nye kompetansekrav for lærarane, eit krav som gjer at store delar av lærarstanden må tilbake på skulebenken.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast