Hopp til innhold

Sogndal tapte på Lerkendal - sleit med dødballane

Møtet med serieleiaren vart for tøff for Sogndal. Kampen enda 2–0 til Rosenborg.

Nicki Bille

DUELL: Nicki Bille Nielsen(tv) i duell med Magnus Stamnestrø (th) under Eliteseriekampen mellom Rosenborg og Sogndal FK.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Rosenborg tok tidleg leiing og scora sitt første mål berre ni minutt ut i kampen. Det var midtstoppar Tore Reginiussen som sette ballen i nettet for heimelaget.

Han er ikkje er kjent for å vere spesielt farleg framfor målet, men mot Sogndal overraska han med ei perlescoring.

Stillinga var framleis 1–0 til då laga gjekk til pause.

Tore Reginiussen

OVERRASKA: Midtstoppar Tore Reginiussen scora heimelaget sitt første mål.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Fire minutt før full tid, scorar Nicki Billie Nielsen Rosenborg sitt andre mål og kampen enda 2–0.

Sogndal ligg difor framleis på ein niande plass med 23 poeng etter 18 kampar spelt.

Sleit med dødballane

– Det var ein kamp som blei slik vi hadde forventa med at Rosenborg hadde mykje ballen. Eg synest vi klarar å lukka kampen veldig godt, det er faktisk 2–2 i skot på mål, seier assistenttrenar i Sogndal, Tom Mangersnes etter kampen.

Dessverre slipper Sogndal inn det Mangersnes meiner er to veldig billige mål.

– Vi klarar ikkje ta vare på det som vert våre moglegheiter i ein slik kamp med dødballar og liknande. Då vert det vanskeleg for oss. Det har vore eit kjenneteikn i år at vi har vore gode på dødballar, men det sleit vi litt med å ta vare på i denne kampen, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

RBK-Sogndal

2-0: Sogndal tapte mot Rosenborg i dag.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Spennande med Gilbert

Både Azar Karadas og Malick Mane var i dag ute med karantene, men Sogndalstallen hadde ein ny spelar med på laget i dag. Ghanesaren Gilbert Koomson var med frå kampstart på Lerkendal.

Tom Mangersnes

SPENNANDE MED GILBERT:Assistenttrenar Tom Mangersnes.

Foto: Hanne Hagen Rotnes / NRK

– Gilbert viste litt av det som er spennande med han tidleg i kampen i forhold til fart og evna til å ta seg forbi og skape ubalanse hos motstandarane, seier Mangersnes.

Han fortel at Gilbert vart fort sliten i den første kampen for Sogndal, men at dei er veldig fornøgd med det bidraget Koomson gir laget, og at han vert spennande å følgje vidare.

– All honnør til alle spelarane som er svært lojale og jobbar veldig hardt i forhold til den strategien vi har lagt opp til, men vi når ikkje heilt opp i dag, seier Mangersnes.

Klare for Molde

Sogndal er allereie klare til å ta i mot Molde i neste kamp på Fosshaugane.

– Då får vi helse på dei siste kapteinane i Sogndal i Even Hovland og Per Egil Flo. Det gler vi oss veldig til No skal vi berre restituere oss godt etter denne kampen her, så er vi klare for Molde neste helg, seier Mangersnes.