NRK Meny
Normal

Rosenborg-keeper aktuell for Førde

Rosenborg-keeper Jacob Storevik seier det fristar å spele under påtroppande trenar Stig Nord.

Storevik håpar på kontrakt med Sogndal

FERDIG I ROSENBORG: Keeper Jacob Storevik har kontrakt med trønderklubben til 22. juli. No er han på klubbjakt og Førde skal vere interesserte. Her frå eit treningsopphald med Sogndal i januar.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Etter tre år på Lerkendal vurderer sunnfjordingen framtida. 22. juli står han utan kontrakt. Førde og Levanger er to av kandidatane til å snappe opp den talentfulle keeperen.

– Kor ferda går vidare veit eg ikkje enno. Men eg har nokre alternativ å velje mellom, primært i 1. og 2. divisjon, seier han.

Han siktar i utgangspunktet høgare enn 2. divisjon, men Storevik seier det hadde vore spanande å spele for Førde og påtroppande trenar Stig Nord.

– Eg kjenner han godt frå før. Det hadde vore veldig gøy å spele under han, seier Storevik.

For Storevik er det viktigaste å få speletid, samt at det er eit godt opplegg som passar med arbeid eller skulegang.

I januar var han med på treningsopphald med førstedivisjonslaga Kristiansund og Sogndal. Det enda utan kontrakt og no byrjar tida å renne ut.

– Innan to veker bør eg ha noko klart, seier Storevik.

Vegopning på Bergum i Førde kommune