Hopp til innhold

Politi og vakter sørga for rolegare Sanden-fest i natt

Utover nokre få episodar, så kan politiet i natt melde at festen på Sanden i Naustdal har roa seg. Eit stort oppbod av politi, arrangørar og frivillige vakter dempa raskt gemyttane.

Odd Helge Vågseth

ROSAR VAKTENE: Innsatsleiar Odd Helge Vågset hadde med seg mange tenestemenn. Han rosar og innsatsen til arrangørane og alle dei frivillige vaktene.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Seint tysdag kveld gjekk politiet ut med ei sterk oppmoding om at foreldre burde hente sine mindreårige og andre som var på Sanden, og som ikkje hadde noko på russefesten de å gjere.

– Eg trur denne oppmodinga gjorde sitt til at festen roa seg ned. Vi har og hatt eit stort tal polititenestemenn og politistudentar på staden. Det har nok hatt ein god effekt, opplyste Venke Hope ved politiet sin operasjonssentral til NRK ved 00.30-tida natt til 1. mai.

Rosar russen

Innsatsleiar for politiet på Sanden i Naustdal, Odd Helge Vågset, sa til NRK sin utsende på staden at profesjonelle arrangørar, friviljuge vakter og mykje politifolk har gjort sitt til at festen ikkje utarta seg utover natta.

Politiet og arrangøren kunne konstatere at det meste gjekk roleg for seg denne kvelden.

Politi Sanden

STOR INNSATS: Politiet hadde svært mykje folk å plass på Sanden i Naustdal for å hindre bråk. Saman med vaktene og arrangørane sørga dei for god stemning.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Slo til politimann

Tidlegare tysdag kveld måtte politiet pågripe og setje i arrest to unge menn som hamna i klammeri ein av patruljane. Den eine politimannen vart slegen i ansiktet, noko politiet ser alvorleg på.

Fleire andre blei bortviste frå staden, men ingen av dei som enten laga trøbbel - eller havna i sitt eige trøbbel - var deltakarar på sjølve russefesten.

Strengare reglar

Under tilsvarande fest i fjor var det eit salig kaos på Sanden i Naustdal, noko som resulterte i fleire valdssaker og svært mykje overstadig rus.

Dette ville russen gjere noko med, og sørga for Sindre Reed frå Breim stod for sjølve arrangementet i år, i lag med faren, Per Svein Reed. Dei har begge lang erfaring frå ulike arrangement, ikkje minst russetreff på Breim.