Så store mannskapsstyrkar var heilt avgjerande for at brannen vart sløkt, seier Jan Gunnar Holvik som var vaktleiar på alarmsentralen då flammane starta å slå seg opp over eit bustadhus på Lærdalsøyri.
– Det er mannskap på staden som har gjort til at det gjekk så bra som det gjorde. Brannen spreidde seg fort fordi den var intens. Den blei teken med vinden og det var mykje glør, seier han.
Like før klokka 11 laurdag kveld fekk han melding om at det brann i eit bustadhus i Lærdal. Men raskt fekk han melding om at det måtte store styrkar til for å kjempe mot flammane.
– Eg er glad for at folk har kome frå dette med livet i behald. Og heldigvis blei ingen alvorleg skadde, då er eg veldig nøgd, seier han.
(Artikkelen held fram under biletet)
Vakta brannstaden i natt
Over 100 brannfolk frå heile Sogn vart kalla ut til Lærdal. Også over 100 personar frå sivilforsvaret, Røde Kors, politi og helse deltok i aksjonen. 23 bygningar brann ned til grunnen, og 60 personar har mista heimane sine.
Først i 19-tida søndag kveld opplyst politiet at ein hadde kontroll på brannen, men det var framleis fare for at den kunne blusse opp igjen.
Rundt 70 personar frå politi, sivilforsvaret, Røde Kors og heimevernet har i løpet av natta passa på at brannen i Lærdal ikkje blussa opp att.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Har ikkje blussa opp att
Sterk vind, varme branntomter og lause gjenstandar i lufta gjorde at det gjennom natta var fare for at brannen kunne starte opp igjen. Men Inge Værøy ved Politiet sin operasjonssentral, seier det er meldt om ei roleg natt i Lærdal.
– Det har vore roleg og ingen teikn til oppblussing på branntomtene. Det er framleis litt røyk, men ingen tilløp til brann.
– Er det framleis fare for at brannen kan blusse opp att?
– Sjansen for at den skal blusse opp att, minkar for kvar time som går, seier han.
Det er førebels ukjent kva som var årsaka til den katastrofale brannen.
– Dette arbeidet startar opp att i dag, men hjelp frå Kripos, seier han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: