Hopp til innhold

Rosar frivillige etter bergingsaksjon

Bergingsmannskapa får ros for rask respons etter at ei ung kvinne vart berga ned frå breen.

Bergingsaksjon i Fjærland

HINDRA AV SKODDE: Dårleg vêr gjorde at luftambulanse ikkje kunne ta seg heilt opp til Flatbrehytta (området i bakgrunnen).

Foto: NRK-tipsar

– Det er heilt fantastisk at vi i ei lita bygd som Fjærland berre kan ta nokre telefonar, og så stiller sju personar frivillig opp med ein gong.

Det seier breførar Gaute Dvergsdal Bøyum etter at ei ung kvinne måndag ettermiddag måtte bergast ned frå Flatbrehytta 1000 m.o.h.

Var på brekurs

– Ho var deltakar på eit brekurs saman med om lag 15 andre personar, då ho fekk ei kraftig og smertefull forvriding i eine foten. På grunn av skodde kunne ikkje luftambulanse hente henne ned, fortel Bøyum som koordinerte redningsarbeidet frå låglandet.

Bergingsaksjon i Fjærland

FRAKTA TIL FØRDE: Luftambulansen kom fotpatruljen i møte og frakta den skadde kvinna til sjukehus.

Foto: NRK-tipsar

Gjekk 2,5 timar

Frivillige frå Røde Kors, i tillegg til nokre privatpersonar, stilte raskt opp og gjekk den 2,5 timar lange fotturen opp til Flatbrehytta. Skaden vart meld klokka 14.30.

– Etter kvart vart vêret litt betre, så helikopteret kom seg litt høgare, men dei måtte bere jenta i slutten av tenåra i om lag tre kvarter nedover frå Flatbrehytta. Ein stor applaus til dei som stilte opp, seier breføraren som ikkje sjølv tok del i kurset jenta deltok på.

Den skadde vart frakta til Førde sentralsjukehus.

Bergingsaksjon i Fjærland

FRAKTA TIL FØRDE: Luftambulansen kom fotpatruljen i møte og frakta den skadde kvinna til sjukehus.

Foto: NRK-tipsar