Var redde for at brannen skulle spreie seg

Brannen i skogen berre 150 meter frå busetnaden på Klakegg i Jølster vart sløkt rundt klokka 14. Ifølgje politiet starta brannen ved brenning av felte juletre i eit juletrefelt.

Skogbrann Jølster

JULETRE I BRANN: Det er ikkje langt til husveggande frå dei brennande juletrea.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Det var ein flott felles innsats frå begge brannstasjonane i Jølster, ambulansefolk og nabobønder med til saman tre gyllevogner, seier vaktleiar ved alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Frode Eide.

Brannmannskapa er no ferdig med ettersløkkinga, og har kjølt ned området.

– Det ligg igjen ein del utstyr i tilfelle det skulle blusse opp att, men vi reknar sjansane for det som små, seier Eide.

Hogga skog

Tre eller fire motorsager vart tekne i bruk for å avgrense faren for at brannen skulle spreie seg. Brannvesenet laga branngater og hogga ned skog rundt slik at brannen ikkje får noko å ta tak i

– Vi byrjar å få god oversikt over brannen no, sa vaktleiar ved alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Frode Eide rundt klokka 13.30.

Det er vindstille i område, men 10-12 personar frå Jølster brannvesen jobba hardt på toppen av juletrefeltet.

Rosar mannskapet

– Det er ulendt terreng og ikkje vegtilkomst til området der det brann. Derfor var sløkkingsarbeidet ekstra vanskeleg, sa Eide.

På grunn av mykje sol og lite regn den siste tida, er det svært tørt i område. Det gjorde at brannvesenet ei stund frykta at brannen skulle blusse opp att.

– Mannskapet har jobba godt, seier Eide.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.