NRK Meny
Normal

Rosar brannvesenet for innsatsen

Politiførstebetjent Svein Inge Harberg rosar innsatsen til brannmannskapet etter brannen i Luster. – Eg er overraska over ikkje fleire bygningar gjekk tapt, seier han.

Bustadbrann på Lambhaug

BRANN NED: Berre delar av eine veggen står att etter brannen på Lambhaug i natt.

Foto: Christian Blom

Huset på Lambhaug var allereie overtent då brannen vart oppdaga og meldt. Brannmannskap frå Luster og Sogndal, samt ambulanse og politi rykte ut.

Bustadhuset som gjekk tapt var eitt av seks bygg i eit klyngetun.

– Det var fantastisk innsats frå brannvesenet som hindra brannen i å spreie seg. Næraste hus ligg kring fem meter frå, så då brannvesenet kom fram brukte dei alt tilgjengeleg vatn på å hindre brannen i å spreie seg, seier politiførstebetjent Svein Inge Harberg ved Luster lensmannskontor.

Stor innsats

Husbrann på Indre Hafslo

OVERTENT: Bustadhuset var overtent då brannmannskapa kom fram til Lambhaug i Luster.

Foto: NRK.no-tipsar

– Hadde brannen spreidd seg til nabobygg kunne det spreidd seg til andre hus og fjøsar som ligg der, held politiførstebetjenten fram.

Ingen personar var i huset då det byrja å brenne, og ingen vart skadde i brannen. Dyra som stod på fjøset i tunet vart verken evakuerte eller skadde.

Politiet har fått opplyst at dei første brannmannskapa som kom til staden brukte kring 1.000 liter vatn på hindre brannen i å spreie seg. I tillegg kom fleire til og fekk kopla seg på vassverket.

– Førsteinnsatsen hindra brannen i å spreie seg. Eg er overraska over at i alle fall ikkje det næraste bygget brann ned, slår Harberg fast.

– Det var stor varme

Bustadbrann på Lambhaug i Luster.

LITE ATT: Brannmannskap kunne lite gjere for å hindre flammane å ta heile huset.

Foto: Christian Blom

– Det ligg andre bygg lengre unna, der tjæra har trekt ut av treverket på veggane og glasruter som er knuste. Lykteglas på bilar i nærleiken har smelta. Det var stor varme der, held politiførstebetjenten fram.

Det er førebels uvisst kvifor og kvar brannen starta. Når branntomta blir kald nok vil politiet gjennomføre sine tekniske undersøkingar på staden.

– Vi vil også snakke med dei som har opplysningar i saka for å høyre kva aktivitet som har vore der og kva observasjonar som er gjort, avsluttar Harberg.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen