Hopp til innhold

Rørte Dronninga til tårer med jazz

Camilla Hole frå Breim fekk eit ærefullt oppdrag under opninga av Dronninga sin barndomsheim på Maihaugen på Lillehammer.

Camilla Hole

SAKSOFONIST: Camilla Hole er ein erfaren jazzmusikar og speler med fleire band.

Foto: NRK

– Eg var veldig spent då eg såg dei svarte bilane kom køyrande, seier Camilla Hole frå Breim.

Måndag ettermiddag hadde ho eit ærefullt oppdrag. Ho var invitert til å spele saksofon for kongeparet. Anledninga var opning av Dronninga sin barndomsheim på Maihaugen.

Høytidelig åpning av barndomshjemmet til dronningen

OPNING: Måndag vart barndomsheimen til dronning Sonja opna for publikum.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Barndomsheimen til dronning Sonja stod opphavleg på Vinderen i Oslo. No er huset flytta til Maihaugen på Lillehammer og blitt ein del av museet der. Under den offisielle opninga var kongeparet, Kronprinsen og Märtha Louise til stades.

– Det var jo veldig stas å få spele for dei. Det er eit spesielt oppdrag å få, seier Hole.

Minner frå barndomsheimen

Hole har studert utøvande saksofon ved Universitetet i Stavanger og speler med fleire band. Då ho opptredde på måndag var det saman med gruppa Audun Trio.

Dronning Sonja blei rørt til tårer av saksofonspelinga til Hole.

– Ho fortalde etterpå at dei hadde spelt mykje jazz heime i huset der ho vaks opp, og at det var derfor ho vart så rørt, seier Hole.

Dronning Sonja barndomshjem

RØRT: Dronning Sonja i barndomsheimen sin, som no er blitt museum på Maihaugen på Lillehammer.

Foto: NRK