Hopp til innhold

Ror frå Sandane til Bergen i nybygd færing

SANDANE (NRK): Knut Langeland brukar delar av sommaren på å ro frå Sandane til Bergen. Turen har han gledd seg til lenge.

Knut Langeland, rotur

ROTUR: Knut Langeland reknar med å bruke litt over ei veke på turen frå Sandane til Bergen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg gler meg veldig. Eg ser ikkje på dette som ei stor bedrift verken fysisk eller mentalt. For meg har det vore noko eg har gledd meg til i årevis, seier Langeland.

Turen starta frå Sandane onsdag denne veka, og NRK var med på den første delen. Langeland håpar godvêret held seg heile turen.

– Veka ser ut til å verte bra vêrmessig, så eg håpar at meldingane slår til, seier han.

– Set pris på å vere ute

Ifølgje Langeland er det å oppleve elementa på nært hald noko av det han gler seg mest til med turen.

– Det synest eg er veldig triveleg, anten det er fjord eller fjell. Eg set stor pris på å vere ute i naturen.

Sjølv om Langeland berre ser positivt på turen er det andre som er uroa for korleis det skal gå.

– Eg har fått fleire telefonar frå folk som er bekymra, men eg trur ikkje dei har fått med seg kva det handlar om, eller kor fine vêrmeldingane er. For meg er ikkje dette noko farefullt.

Inspirert av oldefar

Langeland fortel at oldefaren hans brukte å ro frå Hylkje i Åsane til Hjelmeset i Gloppen og tilbake kvar sommar i 18 år. Dette inspirerte han til ein tur frå Salhus til Anda i 2009, og no denne turen.

Kristen Arnestad, båtbyggjar Gloppen

BÅTBYGGJAR: Kristen Arnestad frå Gloppen har bygd båten.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Båten Langeland brukar på turen er ein nordfjordfæring bygd av Kristen Arnestad frå Gloppen. Langeland hadde fått anbefalt båtbyggjaren, og bestemte seg for å bestille båten då han var på besøk i området for nokre år sidan.

– Den er eit smykke, eg er veldig fornøgd med den, seier han.

Får hjelp til å ro

Då NRK var med onsdag gjorde forholda at Langeland måtte gje seg for kvelden ved Hestenesøyra. På den neste delen av turen får han hjelp til å ro av Oddgeir Kvitnes.

Oddgeir Kvitnes og Knut Langeland

RO-HJELP: Oddgeir Kvitnes (t.v.) vart med Langeland på ein del av turen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg synest dette var litt for freistande, og tenkte at eg måtte vere med, seier Kvitnes.

Langeland trur Kvitnes vil sitte att med gode minner frå turen.

– Eg trur Oddgeir kjem til å hugse dette som ei flott oppleving, seier han.

Langeland reknar med å vere framme i Bergen i slutten av neste veke.