Hopp til innhold

Ror «bak fram» frå Drammen til Namsos

Med spesiallaga årer for å kunne sitte vendt framover i båten, ror Terje Syvertsen heilt frå Drammen til Namsos. Men då han kom til Måløy i Sogn og Fjordane måtte han jukse litt.

Terje Syvertsen på Drammen er ute på langtur i ein robåt med spesiallaga årer.

EIT UVANLEG FARTØY: Terje Syvertsen ror rundt kysten med spesiallaga årer. Her møter vi han på gjennomfart i Måløy.

Den pensjonerte røyrleggaren og brannmannen, Terje Syvertsen frå Drammen, har hatt planar om denne turen heilt sidan 60-talet.

Ror bak fram frå Drammen til Namsos

SPREK PENSJONIST: Terje Syvertsen frå Drammen har planlagt turen i fleire tiår.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

– Mor mi arva ei hytte etter foreldra sine i Vemundvik like nord for Namsos. Då tenkte eg at det måtte ha vore ein fenomenal tur å ro opp dit. Eg ante jo ikkje kva eg tenkte. No har eg fått eit lite omgrep om kva det betyr å ro frå Drammen til Namsos, seier Syvertsen når han har kome til Måløy.

Ror med spesiallaga årer

Turen starta frå Svelvik sør for Drammen 18. mai presis klokka tolv, og denne veka kom han til Måløy.

– Eg har ikkje kome fram endå, men eg har kome langt, og eg er veldig imponert over meg sjølv som har klart det.

At Syvertsen ror heile vegen frå Drammen til Namsos er ikkje det einaste spesielle med denne historia. Han ville nemleg få med seg alt i notid, i staden for å stadig snu seg bakover. Difor konstruerte han sine eigne spesialårer, som gjer at han kan ro medan han sit vendt framover i båten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ror bak fram frå Drammen til Namsos

BAK FRAM: Med desse årene kan Terje Syvertsen sitje vendt framover i båten.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

– Årene eg har no er femte eller sjette utgåva. Dei før verka ikkje, men desse verker heilt utruleg flott. Brått ei natt vakna eg. Då var konstruksjonen ferdig, og eg måtte opp og begynne å teikne. Og så laga eg ein prototype dagen etter, og såg at det funka. Då lagde eg desse, og det er same typen eg har i dag, fortel pensjonisten.

– Målet er opplevinga

Båten er ein 16 fots finsk Suvi, ein elleve-/innsjøbåt som er konstruert for roing. Og fartøyet har han kalla opp etter mor si, Gerd Synnøve.

Håpet er at han skal vere framme i Namsos i månadsskiftet mellom juli og august.

– Det er eit mål eg har, men det er ikkje målet i seg sjølv, det er jo turen og opplevingane langs kysten. Naturen har vore eit eventyr frå starten, seier Syvertsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ror bak fram frå Drammen til Namsos

OVERNATTINGSPLASSEN: Med fleire månader på sjøen blir det mange netter i feltsenga i kalesjen.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Måtte «jukse» seg forbi Stad

Med kalesje med vindskjerm framføre er båten også overnattingsstad, der Syvertsen har ei samanleggbar feltseng.

– Der søv eg nesten like godt som i senga heime, seier han.

Då han kom til Måløy måtte han, av tryggleiksmessige grunnar, jukse litt. Med bil og hengar vart både han og båten frakta til Åheim på Sunnmøre.

– Slik vêret er meldt no i lang tid framover er det berre idioti å prøve å komme seg rundt Stad. Eg har uansett ein som ventar på meg og villig til å taue meg eit stykke om vêret er gale der også.