Hopp til innhold

«Dette er ein kjend ulykkessving. Det er fleire ulykker enn det står i statistikken»

I løpet av éin og ein halv månad har det vore tre alvorlege ulykker i den same svingen på Riksveg 15 i Stryn. Det er berre toppen av isfjellet.

Redningsarbeid i Blekesvingen etter frontkollisjon

FRONTKOLLISJON: Tysdag kolliderte to bilar i svingen ved avkøyringa til Panoramavegen på Riksveg 15.

Foto: Thomas Thaule / Fjordingen

– Det er kjent at det er ein del ulykker i denne svingen. Og det er langt fleire enn det som kjem fram i statistikkane, der dei berre tel ulykker med personskade, seier politioverbetjent Lasse Trosdahl ved Stryn og Hornindal lensmannskontor til NRK.

Tysdag var fem personar involverte i ein frontkollisjon i svingen ved avkøyringa til Panoramavegen på Riksveg 15 nokre kilometer vest for Stryn sentrum. Ein person fekk moderate skadar i ulykka.

Lasse Trosdahl, lensmann i Stryn

FLEIRE ULUKKER: Politioverbetjent Lasse Trosdahl seier at det er fleire ulukker i svingen enn statistikken syner.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ulykka skjedde berre éi veke etter at ei kvinne i 50-åra omkom i ei motorsykkelulykke i den same svingen. Då sa Trosdahl til Bergens Tidende at låg sol kan ha vore ein medverkande årsak. Politioverbetjenten understreka då at svingen er ein uoversiktleg og krevjande sving å køyre.

I tillegg var det ei liknande motorsykkelulykke første helga i juni. Også då var det personskade – men ingen omkomne.

– No har vi hatt tre alvorlege ulykker i den same svingen på éin og ein halv månad. Og det er ikkje berre den svingen som er eit problem, det gjeld også fleire ikkje fullt så skarpe svingar like ovanfor på den same strekninga, seier Trosdahl.

– Det må gjerast noko drastisk

Stryn-ordførar Sven Flo seier at dei er godt kjende med at svingen er utfordrande, særleg sidan avkøyringa til Panorama ligg der. No er han heilt klar på at noko må gjerast i svingen.

Sven Flo

ETTERLYSER TILTAK: Stryn-ordførar Sven Flo er klar på at noko må gjerast med svingen på Riksveg 15.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi har fleire gongar teke opp at heile strekninga frå avkøyringa til Faleide og heilt opp til Langeset er krevjande heile året, både for bilar, tungtransport og mjuke trafikantar. Det er trist at det må gå liv før ein vurderar å gjere noko, seier han.

Flo seier at det er mykje med svingen som bør utbetrast.

– Om ein ser på heile vegkonstruksjonen, og løysinga med av- og påkøyring, held det ikkje med skilting og enkle strakstiltak. Det må gjerast noko langt meir drastisk.

Vegvesenet undersøker tiltak

Avdelingsdirektør for Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, Svenn Egil Finden, seier at dei er i gang med å undersøke kva tiltak som kan gjerast i svingen.

– Det første vi har gjort er å registrere dei tekniske forholda på staden, seier Finden, som fortel at dette gjeld både lysforhold, sikt og utforminga av svingen.

Svenn Egil Finden

UNDERSØKER: Svenn Egil Finden i Statens vegvesen seier at dei er i gang med å undersøke aktuelle tiltak.

Foto: Statens vegvesen

Akkurat kva tiltak som kan vere aktuelle er ifølgje Finden vanskeleg å seie enda.

– Det kan vere så enkelt at det er behov for å felle meir skog, og kanskje ta vekk delar av ein knaus ved svingen for å skape betre sikt, seier han.

Finden fortel også at skilting kan vere eit alternativ.

– Det er også noko som vi vurderar, men vi må finne ut kva type skilt det skal vere, og sørgje for at dei vil ha ein verknad. Derfor må vi analysere dette før vi kjem fram til aktuelle tiltak, seier han.