NRK Meny
Normal

Ronny: - Ei veke i konstant lykkerus

Jul heime i Førde, det er det einaste alternativet for radiovert Ronny Brede Aase. Han gler seg til det han skildrar som ei «veke i konstant lykkerus».

Ronny Brede Aase

HEIMEKJÆR: Ronny Brede Aase er ein av dei morgonfriske stemmene som underheld tusenvis av lyttarar kvar morgon på P3morgen. Når han skal feire jul, så må det bli heime i Førde.

Foto: Rashid Akrim / NRK P3

– Korleis var 2012 for deg?

– 2012 har vore eitt av dei betre åra, vil eg tore påstå. På jobb har eg heldt fram med å stå opp grisetidleg kvar dag for å lage radio, og det er framleis det kjekkaste eg veit.

- På privaten har eg slutta å bry meg så mykje om at eg har ein jobb der eg står opp tidleg. Det har resultert i at eg søv mindre, men er meir sosial. Eg likar det.

– Trekk fram di beste personlege oppleving i året som gjekk. Kvifor var dette eit høgdepunkt for deg?

– Det var mange høgdepunkt. Eg fekk sjå favorittbandet mitt, The Shins, live ein vakker sommardag på Hovefestivalen. Det kitlar framleis i kroppen når eg tenkjer tilbake på det. Fantastisk!

– Der er òg eit par augneblink av lukke då eg og kompisgjengen fann oss eit herleg hotell i ein liten avkrok på fastlandet i Hellas. Ingen andre nordmenn, døsig stemning i bitte liten tettstad og varmerekord. Det var beint fram magisk.

Samla inn 1,2 millionar kroner

– Kva gjorde sterkast inntrykk på deg i 2012?

Det var å få gjera nok ein P3-aksjon. Vi sette ny rekord, og samla inn over 1,2 millionar kroner frå unge lyttarar som ikkje alltid har så mykje å rutte med. Det var så utruleg stas!

– Og spesielt stas var årets tema. Vi sette fokus på homofile rettar. Eit tema som trefte lyttarane våre og som det er trist at framleis er eit problem i 2012.

Skal trene to gonger i veka

– Kva forventningar og håp har du til året som ligg framfor oss?

– Eg har trua på at 2013 skal bli eit godt år. Verda heng framleis nokolunde saman. Eg håpar 2013 blir året eg torer gå på visning for så å kjøpe mi eiga leilegheit. Eg håpar 2013 blir året P3morgen er betre enn nokosinne. Eg håpar 2013-sommaren blir like varm som sommaren 97.

– Har du nyttårsforsett? I tilfelle kva?

– Eg prøvar meg på eit par superkonkrete. Eg skal trene minst to gonger i veka. Det må eg få til. Og så skal eg lage meir ordentleg mat. Og så skal eg kose meg minst like mykje som i 2012.

(Artikkelen held fram under biletet)

Video P3morgens førjulsquiz - Ronny i 100

GODE KOLLEGAER: Ronny Brede Aase saman med kollega Live Nelvik. Biletet er teke i samband med P3morgen sin førjulsquiz i fjor.

Foto: Nyhetsspiller

– Ei lita veke i konstant lykkerus

– Korleis feirar du jul i år?

– Eg feirar sjølvsagt jula heime i Førde. Alt anna hadde vore ei katastrofe. Eg elskar Førde i jula. Det er så stas å følgje alle tradisjonane saman med familien. Og så er alle venene eg ikkje har sett på lenge heime òg. Eg vil tore påstå at julefeiringa heime er ei lita veke i konstant lykkerus.

– Kva hugsar du best frå jula i barndommen din?

– Eg hugsar det augneblinken grauten kjem på bordet hos bestemor. Rett etter Askepott på julaftan (familien min er alltid litt for seine fordi vi skulle sjå det ferdig). Det er alltid perfekt varmt i stova til bestemor. Grauten er alltid perfekt.

– Julemusikken ligg som eit teppe i bakgrunnen og onkel John får alltid mandelen. (seriøst. Kvar EINASTE gong!) Då kjem julestemninga sånn på skikkeleg.

Ville gjort meir

– Kva er den beste julepresangen du har fått?

– Eg hugsar framleis året eg fekk minidiscspelar av mamma og pappa. No veit vi jo at det var ein flopp, men der og då var det heilt fantastisk! Eg kunne ta opp ting og legge inn musikk og den såg tøff ut.

– Kva gjer du for dei som har mindre å rutte med eller er einsame i jula?

– Alt for lite.

Du kan også lese om korleis året har vore for fylkesordførar Åshild Kjelsnes. Utover i jula legg NRK Sogn og Fjordane ut fleire intervju med kjente og kjære personar frå fylket vårt.

Vegopning på Bergum i Førde kommune