Hopp til innhold

Her kan du sjå heile Luttprisen

FØRDE (NRK): Her får du eit gjensyn med Luttprisen. Musikalske godbitar på rekke og rad, og til å leie det heile: Ronny Brede Aase.

Her får du heile musikkfesten

SJÅ HEILE SENDINGA: Programleiar Ronny Brede Aase losar deg gjennom showet.

– Dette blir kjempekjekt og du kan vere til stades. Bli med på festen på Larris scene, sa han entusiastisk dagen før showet.

Ronny Brede Aase, for mange kjent frå P3 Morgon, har kome heim til Førde for å vere programleiar.

– Her får du det vakre og idylliske med Sigrid Moldestad, til det energiske Kjartan Lauritzen. Eg får gåsehud når eg høyrer lista over artistar som er med og kor mykje som blir produsert på den musikalske front i Sogn og Fjordane.

Øvst på sida kan du sjå heile konserten. Du kan også sjå eit redigert program på NRK2 søndag ettermiddag.

På sjølve prisshowet laurdag kveld spelte mellom anna Sigrid Moldestad, Kjartan Lauritzen, Vilde & Anna, Elida Høgalmen og Andrea Santiago. Dei har vore nokre av dei mest profilerte artistane frå fylket det siste året.

Luttprisen er delt ut kvart år sidan 2006 og blei delt ut for 12. gong laurdag kveld. Prisen er eit kunstdiplom av Oddvar Torsheim samt eit stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest. Årets Luttpris gjekk til Kjartan Lauritzen frå Balestrand.

Andrea Santiago
Foto: Anders Martin Helle/NRK