Hopp til innhold

Ronny Hafsås tok sølv

Gullet glapp på målstreken for Stårheim-løparen Ronny Hafsås under 15 kilometeren i langrenns-NM.

Ronny Andre Hafsås
Foto: NRK

Han leia lenge, men Moten Eilifsen som hadde eit høgare startnummer gjorde ein solid sluttspurt. Han vippa dermed Hafsås, som eigentleg er skiskyttar, ned på andreplass.

- Gøy å slå Northug

- Det er klart at det er surt å tape med så liten margin, men eg hadde ikkje håpa på medalje så eg er godt nøgd uansett. Det seier ein glad Hafsås like etter at resultatlista er klar.

LES OGSÅ: Hafsås vil knekke langrennsløparane

Skiskyttaren overraska mange med den gode plasseringa. Han leia løpet lenge, men sidan han gjekk først i sporet trur han vinnar Morten Eilifsen fekk hjelp av å gå på hans tider.

Overraska hovudperson

Også Hafsås sjølv er overraska over at han hevda seg godt i NM. Og han synes det er ekstra stas å klare å slå Petter Northug som kom på tredje plass.

- Eg har ikkje slått han sidan me var 15 år, så det gjorde godt, smiler Hafsås.