Hopp til innhold

Ronny (19) sigra på heimebane

SKEI (NRK): Jølstringen er truleg ikkje den du vil møte i handbak. Han er nemleg nybakt noregsmeister i idretten.

Noregsmeister

NOREGSMEISTER PÅ HEIMEBANE: Ronny Hansen (t.h.) er nybakt junior noregsmeister. Under meisterskapet på Skei sat mor, Grete Hansen, på fremste rad for å heie fram sonen.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Dette var veldig stort. Spesielt sidan det er på heimebane, seier Hansen.

Jølstringen kan titulere seg som junior noregsmeister i handbak med høgre hand etter meisterskapet. Etter tre sølv frå tidligare meisterskap, er gullet etterlengta for Hansen.

– No var det kjekt å ta gullet som siste års juniorutøvar.

Med ingen tap på vegen kunne Hansen hente fram alt av krefter til finalen. Kampen avgjorde han raskt, og det heile var over etter eit knapt minutt.

– Det gjekk ganske bra. Eg kom tidleg ut og skaffa meg ein god start. Då var det gjort, seier Hansen.

Ronny Hansen

FINALE: Ronny Hansen (t.h.) trakk det lengste strået under finalen for juniorar i handbak.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

På fremste rad sat nokre av dei næraste i familien til jølstringen.

– Det var kjekt at familien kunne ta ein del av dette når det går godt. Eg set stor pris på at dei ville heie meg fram, spesielt når eg gjorde det så bra, fortel Hansen.

Gjorde det best av alle klubbane

Jølster Handbakklubb var arrangøren av meisterskapet der 13 handbakklubbar frå heile landet var samla. Den høgste poengsummen samanlagt, og tittelen som Noregs beste klubb, var det arrangøren sjølv som stakk av med.

Jølster Handbakklubb

BEST I LANDET: Jølster Handbakklubb var under meisterskapet i handbak den klubben med mest poeng.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– 128 poeng gjorde Jølster Handbakklubb til den beste klubben på dette meisterskapet. Dette er ein siger som vil styrke heile samhaldet og klubbfølelsen, fortel leiar og utøvar i Jølster Handbakklubb, Ottar Berg.

Ottar Berg

NOREGSMEISTER: Leiar av Jølster Handbakklubb, Ottar Berg, stakk sjølv av med tittelen som noregsmeister.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Jølster Handbakklubb har 25-års jubileum i år, og ville feire det heile med eit noregsmeisterskap på heimebane.

– Med fire år sidan sist vi arrangerte eit NM, så passa det ekstra godt i år som vi har jubileum, seier Berg.

Leiaren av Jølster Handbakklubb tok sjølv ein tittel som noregsmeister under meisterskapet.

– Eg er veldig nøgd med både eigne og klubbens prestasjonar. Vi hadde eit mål, og det målet klarte vi.

Håpar på fleire gull

Til tross for tittelen som noregsmeister, vil ikkje Ronny Hansen kvile av den grunn. På sitt siste år som juniorutøvar har han planane klare for framtida.

Ronny Hansen

PÅ HEIMEBANE: Ronny Hansen fekk tittelen som noregsmeister på heimebane.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Målet vidare er hardtrening for å kunne ta eit gull som senior, eller kvalifisere meg til europameisterskapet.

I fem år har Hansen trent handbak og vore ein del av Jølster Handbakklubb.

– Det er mykje fysisk trening for heile kroppen som må til, og elles terping på teknikk.

Like viktig som det fysiske, er også det mentale før ein skal møte motstandaren i ein handbakkamp, meiner Hansen.

– Ein må bestemme seg for å vinne. I starten av kampen må du vere heilt fokusert for å vere raskare og sterkare enn den du konkurrerar mot. Du blir ikkje noregsmeister om du ikkje kan kombinere den fysiske delen med den mentale.