Hopp til innhold

Eidselva full av rømt oppdrettslaks

Eidselva full av feit og slakteklar rømt oppdrettslaks. No kan gytetida til villaksen vere truga, fryktar sportsfiskarlaget.

Eidselva ved Skipenes

KAN ØYDELEGGE: Gyteklar villaks i Eidselva kan blir forstyrra av rømt oppdrettslaks.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– No for tida er det oppdrettslaks å få i Eidselva. Det er fisk på opp mot 5 – 5,5 kg som er slakteklar og feit og fin, men den er mykje lus på, seier Svenn Morten Eikset i sportsfiskarlaget.

I midten av oktober rømde nær 4000 oppdrettslaks får eit anlegg i Askvoll, og det har også vore andre rømmingar siste tida.

Fryktar for gytetida

– Vi fryktar at dei kan rote til og øydelegge gytinga som villaksen skal ha i elva og at det blir mindre villaks i elva.

Tidlegare i september fanga dei fisk på rundt 1 kilo opp til 1,7. Dei fann også regnbogeaure. Men no finn dei også feit slaktefisk som er full av lus. Difor blir det jobba intenst med fiske opp den rømde oppdrettslaksen.

– Så det er først og fremst i nedre del vi fiskar no. Vi har vore ein 6 -7 personar som har overvaka fisket med tilsyn i laksetrapp og på stadar der oppdrettslaksen gjerne stiller seg. Så langt er det vel mellom 30 – 40 prosent av fangsten er oppdrettslaks.

Må fiske opp rømlingane

Eikset likar ikkje at villaksen si gytetid kan bli ura av all den rømde oppdrettslaksen.

– Det er skremmande med tanke på fordelinga av villfisk og oppdrettsfisk. Vi har eigentleg avslutta fisket i øvre del av elva fordi det nærmar seg gytesesong og vi vil at laksen skal få fred.'

Oppdrettslaksen har ingenting å gjere i elva der villaksen skal gyte. For eit par dagar sidan tok eg ein hannlaks på fem kilo, og den var gyteklar. Men slike vil vi ikkje ha i elva.

No vil sportsfiskarlaget halde fram fisket etter rømt oppdrettslaks.

– Vi prøver å konsentrere oss om nedste delen og ta ut det vi kan. Men det er uråd å stoppe all fiks.