NRK Meny
Normal

Rømt oppdrettslaks kan stamme frå Hardanger

Oppdrettslaksen som dei siste dagane er fiska i Gaular kan stamme frå ei rømming i Hardanger, seier Fiskeridirektoratet.

Rømd oppdrettslaks
Foto: Tom A. Wangensteen

– I Hardanger har vi ei kjent kjelde til rømming. Laksen der rømde 10. august, og dei skal ha klart å kome seg så langt sidan den tid. Men vi ser ikkje bort frå at dette er ei ny rømming, seier Paul Helge Helgesen, seksjonsleiar i Fiskeridirektoratet.

I går fortalde NRK om at laks som er fiska i Osefossen i Gaular truleg er rømt oppdrettslaks.

Paul Jacob Helgesen seier at dei ut ifrå samtalar med dei som har fiska i elva er det ikkje tvil om at dette er oppdrettslaks.

– Det er i alle fall høg sannsynlegheit for at dette er oppdrettslaks. Vi bad han vi snakka med om å opne fisken for å sjå inni for samanvokste organ. Til forskjell frå vanleg villaks hadde desse laksane uvanleg pigmentering, villaksen er blankare. I tillegg hadde fisken slitne finnar og ei avkorta halefinne, fortel Helgesen.

Oppmodar til å melde frå

Alt dette tyder på at det er oppdrettslaks som er fiske i elva. I tillegg er det blitt fiska 20 stykk i løpet av dei siste dagane, og desse ser svært like ut.

– Vi har gått ut med ei melding til alle oppdrettsselskapa om at vi ønskjer tilbakemelding snarast på om dei har tett merd der dei har fisk i den storleiken som er teken, seier Helgesen.

Fiskeridirektoratet oppmodar alle i næringa om å melde ifrå, slik at dei kan sjå bort frå eller få undersøkt for mogleg rømming. Helgesen påpeikar at det er viktig å melde ifrå, og at oppdrettsnæringa er pliktig til å gjere det, både for å spare ressursar og å ta på seg ansvaret for å prøve å få rydda opp.

– Dette er jo ikkje elveeigar sitt ansvar. Det beste for næringa og selskapa er at i ein melder ifrå ved rømming. Eg oppmodar sterkt til det, og forventar at det skjer, seier Helgesen.

– Vi ønskjer jo at vi raskast mogleg kan få dette til å gå frå ei ukjend rømming til ei rømming der vi veit kva som har skjedd, korleis vi kan unngå det i framtida og ikkje minst å ha nokon å gå i dialog med for å kunne rydde opp best mogleg, seier Helgesen

Skal ta prøvar

Oppdrettsselskapet i Hardanger har meldt seg, og dei betalar for ut fiske i elver der laksen deira har opp.

Prøvar frå laksen fiska i Osfossen vil vise om desse stammar frå Hardanger, men er enno ikkje funne noko av den rømde laksen så langt nord.

Helgesen seier det er for tidleg å seie noko om kor mange som kan vere rømt og kor stort omfanget om dette er ei ny rømming.

Fiskeridirektoratet vil sjekke om det er teke fisk elles i Gaula og i Daleelva i Høyanger òg som svarar til dei ved Osfossen.


Vegopning på Bergum i Førde kommune