Hopp til innhold

Rømminga frå oppdrettsanlegga stuper

I fjor var det rekordfå laks og aure som rømde frå norske oppdrettsanlegg. Fiskeridirektoratet melder om ein reduksjon på over 90 prosent frå året før.

Oppdrettsanlegg

FÆRRE PÅ RØMMEN: Fiskeridirektoratet har registrert 36 hendingar i 2017, mot 43 året før.

Foto: Laila Lanes

I 2016 rømde 128.000 laks. Førebelse tal for 2017 er nede i 10.000 rømmingar. Det får Fiskeridirektoratet til å juble.

– Dette er gledeleg låge tal som syner ein betydeleg reduksjon samanlikna med 2016. Det er vi veldig glade for, seier Øyvind Lie, som er direktør ved kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet.

Lie meiner likevel at ein ikkje kan konkludere klart ut frå nedgangen.

– Vi må ha meir tid på å sjå ein trend i dette. Får vi same utslag i 2018, så kan vi heller snakke om eit trendskifte, seier Lie.

Tal på hendingar er likevel nært same nivå som i 2016, men det var færre fisk som klarte å rømme året etter. Målretta jobbing har hatt effekt, meiner Lie.

– Det har vore eit systematisk arbeid over tid hjå næringsaktørane og fiskeridirektoratet med beredskap, tilsyn og dialog, seier han.

Øyvind Lie

GRUNN TIL FORSIKTIG OPTIMISME: Rekordlåge rømmingstal for laks og aure i fjor gir grunn for forsiktig optimisme, meiner Øyvind Lie i Fiskeridirektoratet.

Foto: NRK

Laksemillionær er ikkje overraska

Ola Braanaas er eigar av oppdrettsselskapet Firda Seafood Group i Gulen. Han meiner fleire har lagt ned hardt arbeid.

– Det er veldig positivt at vi har fått ned talet. Innsats frå både oppdrettsnæringa og myndigheitene har gjeve resultat, meiner Braanaas.

Oppdrettsmillionæren seier det er no ein må legge ned meir hardt arbeid.

– No må vi fortsette det gode arbeidet og ikkje tru at dette vil fortsette av seg sjølv. Vi kan ikkje kvile på laurbæra, seier Braanaas.

50.000 kveiter på rømmen

Sjølv om det var rekordfå laks og aure som rømde frå oppdrettsanlegga, gjorde andre rømmingar større utslag. I haust var 50.000 kveiter på rømmen frå eit anlegg på Bømlo i Hordaland.

– Det var den store negative hendinga vi hadde i 2017, seier Lie.

Håpet er at ein skal halde fram den positive utviklinga i 2018.

– Næringsaktørane må fortsette det gode arbeidet med beredskap og oppfølging. Vi i Fiskeridirektoratet må følge opp med tilsyn og dialog. Saman må vi gjere alt vi kan for å redusere risikoen for rømming, seier Lie.

Er det grunn til å tru at det er mykje som ikkje blir rapportert inn?

– Nei, det trur ikkje vi. Rapporteringa blir betre og betre, noko anna har vi ikkje grunn til å tru.

Kveiteoppdrettere Bømlo

KVEITEOPPDRETT PÅ BØMLO: Kveiter på 1,5 kg rømde frå dette anlegget på Bømlo i Hordaland.

Foto: Marte Rommetveit / NRK