I følgje Sogn Avis hadde ikkje ungdommen førarkort, og nekta å stoppe for politiet.
Dramatikken starta under ein trafikkontroll i Sogndal i går ettermiddag. Ein ungdom i ein varebil nekta å stogge for kontrollen og køyrde rett forbi.
Sperra med traktor
Politiet måtte då stogge mannen på andre måtar, og la seg på hjul etter rømlingen. I båthamna på Hermansverk fekk dei sett ein stoppar for den ville ferda ved av å plassere ein traktor på tvers av vegen.
Køyrde inn i politibilen
Då vegen framover var sperra, rygga ungdomen rett i politibilen som kom bak. Politimannen i bilen bak gjekk då ut av bilen. Då rygga rømlingen nok ein gong på politibilen.
Knuste ruta med kølle
Lensmann Haavard Stensvand i Leikanger seier at dei oppfatta åtferda til mannen som trugande, og at dei ikkje såg annan utveg enn å ta i bruk politikøllene og knuse bilruta. Ungdommen innsåg då omsider at slaget var tapt og kom ut av bilen.
Ungdommen sit no i avhøyr, og det er enno ikkje tatt stilling til om han skal siktast for vald mot offentleg tenestemann.