Hopp til innhold

Rømling pågripen i Bergen – kan ikkje straffast for å ha stukke av

Etter tre veker på rømmen vart mannen som stakk frå politiet på ferjekaia på Vangsnes pågripen i Bergen.

Vangsnes ferjekai

13. FEBRUAR: Politiet sette opp vegsperringar på vegen mellom Vangsnes og Vik, men mannen i 20-åra kom seg usett forbi.

Foto: ANDREAS BACH

– Vi har fått melding frå Bergen om at han vart pågripen i Bergen i går kveld. Det er det vi har fått opplyst, seier lensmann i Vik Ove Andersen.

Sogn Avis omtala først at rømlingen endeleg var pågripen. 13. februar klarte mannen kunststykket å stikke av frå politiet på Vangsnes ferjekai og vidare til Bergen. For området er omgitt av fjord og ein fjellovergang. Det set i utgangspunktet eit effektiv stoppar for ein tynnkledd person utan bil, men mannen tok seg forbi politisperringar og stal ein bil privatbil og flykta over Vikafjellet. Mannen skulle sitje i varetekt på grunn av ei narkotikasak.

Lensmann i Vik, Ove Andersen

LENSMANN: Om rømlingen på ny kjem til Vik veit ikkje lensmann Ove Andersen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Han har vore etterlyst internt i politiet, og vi har hatt jamleg kontakt med dei i Bergen, for vi har hatt opplysningar om at han kunne vere der.

Må forklare kva som skjedde då han stakk

No skal mannen avhøyrast så snart som råd og framstillast for ny varetektsfengsling. No må han også svare for korleis han kom seg frå Vik og kva som skjedde. Noko strengare straff for å stikke av er det likevel ikkje snakk om.

– Det er straffbart å rømme under soning, men ikkje under varetekt. Så han får ikkje strengare straff for å ha stukke av på Vangsnes.

– Er det heilt greitt då?

– Nei, det er ikkje greitt, men det er ikkje straffbart. Han kan også straffast for å ha teke bilen som forsvann mellom anna, seier Andersen.

– Blir han ekstra godt passa på no?

– Ja, eg reknar med han blir godt passa på.