Hopp til innhold

Romjulsvald enda i fengselsopphald

Med berre nokre timars mellomrom slo og sparka tenåringen ein annan. No må sognginen gjennom sinnemeistringskurs – og i fengsel – etter romjulsvalden for halvanna år sidan.

Sogn tingrett

ILLUSTRASJON: Sogningen møtte i Sogn tingrett tiltalt for romjulsvald i rusa tilstand. No må han i fengsel.

Foto: Arve Uglum / NRK

Jamaldringane var ikkje heilt på talefot, og då dei møttest ein fuktig kveld på byen gjekk det gale.

Først i køen utanfor utestaden i tettstaden. Så nokre timar seinare ved skysstasjonen.

– Uprovosert mishandling

Den fornærma tenåringen vart slått fleire gonger med knyttneve og fekk minst eit spark retta mot ansiktet. Han fekk blåmerke og skrubbsår over eine auget, ein øm nakkevirvel og hovudpine og kvalme. I eitt døgn var han til observasjon på sjukehus.

Ifølgje tiltalen var ikkje den tiltalte sogningen åleine om valden. Sjølve valdshandlinga bar valden preg av å vere uprovosert, og med karakter av mishandling.

Forsvaret meinte usemja mellom dei to lågt tett opp mot provokasjon.

Samfunnsproblem

Den tidlegare ustraffa sogningen erkjende forholdet, og vedgjekk at han har problem med sinne når han drikk alkohol.

I rettsboka legg retten vekt på at vald er eit markant samfunnsproblem, og at eit generelt inntrykk er at valden blir stadig råare og meir brutal.

Tenåringen vart dømd til fengsel i 45 dagar, men retten la vekt på hans unge alder. Difor vart dommen delt, slik at 30 dagar av fengselsstraffa blir utsett med prøvetid på to år. Han må gjennom kurs for å kontrollere sinnet sitt.

Mista lappen

Sogningen vart også dømd for aktlaus køyring i samband med eit trafikkuhell, og for å ha køyrt bil utan førarkort.

I tillegg til fengselsstraffa, må han difor klare seg utan førarkort i eitt år og tre månader. Han må i tillegg betale 3.400 kroner i erstatning til den fornærma i valdssaka.