Hopp til innhold

Rømde vel 1200 fisk

Marine Harvest har slått fast at det rømde 1231 fisk frå ein merd 4. januar. Det var totalt 192 000 fisk i merden, men fisken skal ifølgje selskapet vere telt opp. Det blir framleis jobba med å kartlegge korleis rømminga kunne skje i samarbeid med Fiskeridirektoratet. Det går føre seg framleis attfiske med kompensasjon på 500 kroner for kvar fisk.