Hopp til innhold

Rømd oppdrettslaks fanga på film i Lærdalselvi

Den rømde oppdrettslaksen frå Brekke har no gått opp i Lærdalselvi. Fiskeridirektoratet set inn tiltak i 15 lakseelvar i Sognefjorden.

Åttande oktober vart oppdrettslaks observerte av eit av overvakingskamera som i haust vart monterte i Lærdalelvi. Seinare har dykkarar observert 13 oppdrettsfisk som stod i nedre del av elva.

– Dykkarane klarte å ta fire av fiskane med harpun, i tillegg har vi tenkt å sette ut garn ein av hølane nedst i elva, seier Ola Petter Bøe som er leiar i elveeigarlaget.

I midten av september rømde 17.000 laks frå lakseslakteriet i Brekke i Gulen . Etter tre veker med gjenfangst avslutta Fiskeridirektoratet denne veka fisket. Då var framleis 13 000 fisk på rømmen.

– Vi er svært urolege for fisken som no går opp i elva. Ikkje berre er det rømd oppdrettsfisk, men fisken er også sjuk, seier Bøe.

Tre oppdrettslaks som vart harpunerte i Lærdalselva.

TATT MED HARPUN: Her er tre av dei rømde oppdrettsfiskane som vart fanga i Lærdalselvi denne veka.

Foto: Lærdal Elveeigarlag

Avslutta gjenfangsten

Etter rømminga har Fiskeridirektoratet fått rapportar om oppdrettslaks frå Årdal, Vik, Høyanger, Gaular og Førdefjorden. Og no sist altså frå sjølvaste dronninga av lakseelevane, Lærdalselvi.

– Det var forventa at laksen nok ville trekke opp i elvane, seier seksjonssjef Leni Marie Lisæter i Fiskeridirektoratet.

Leni Marie Lisæter

SOM FORVENTA: Leni Marie Lisæter er seksjonssjef i Fiskeridirektoratet

Foto: Privat

Sjølv om det altså er 13.000 fisk som framleis er på frifot, reknar ikkje Lisæter ikkje med at alle desse no er på veg opp i lakseelevane i Sogn.

– Laksen held seg gjerne ved anlegget den har rømt frå eit par dagar før den forsvinn ut i fjordane nordover og sørover.

– Men kvifor valde ein å avslutte gjennfisket når ein berre hadde fått tak i 3900 av den rømde fisken?

– Gjenfangst-fisket varde i tre veker, noko som er lenger enn det som er vanleg. Ein del av fisken vil forsvinne til havs, eller døy. Den er vant med å bli fora og har ikkje same evna til å finne seg mat i det fri, seier Lisæter.

Dykkarar på jakt etter oppdrettslaks i Lærdalselva

LAKSERØMMING: Her leitar dykkarar etter rømd oppdrettlaks i Lærdalselvi.

Foto: Ole Petter Bøe

Tiltak i 15 elvar

I løpet av hausten skal eit selskap gå gjennom 15 av lakseelevane i Sogn for å fange rømd oppdrettslaks som har gått opp i elvane.

– Det er lakseslakteriet i Brekke som har hyrt inne dette selskapet, og dei veit kva dei skal fange, seier Lisæter.

– Men kunne ein ikkje ha stogga fisken før den nådde til elvane?

– Sognefjorden er stor, så det hadde blitt eit for stort område å fiske på. Det er noko vi og har sette frå rømmingane i Hardanger. Det er i elvane vi kan gjere eit forsøk, og no stoggar vi han før han går opp der, seier Lisæter.

Meirarbeid

For eleveigarane i Sogn betyr det eit betydeleg meirarbeid.

– Vi kan ikkje berre sette ut eit garn og la det stå. Vi må ha folk til å fiske og passe på, seier Bøe.

– Er dette kostnader som de får dekka?

– Då måtte vi eventuelt ha prøvd eit krav mot dei som hadde rømminga, seier Bøe.