Rolf er distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane.
Han begynte som journalist i NRK Sogn og Fjordane i 1997, var reporter og vaktsjef i fleire år før han vart redaksjonssjef i 2004. Mai 2009 vart han den fjerde distriktsredaktøren i NRK Sogn og Fjordane. Dei tre andre er Ottar Starheim, Magni Øvrebotten og Kai Aage Pedersen.
Rolf har også vore innanrikssjef i Dagsrevyen, prosjektleiar for nye NRK2 og prosjektleiar for NRKs valdekning i 2011. Han er den første prosjektleiaren for valet i NRK som ikkje er tilsett på Marienlyst.
Før han begynte i NRK jobba han tre år i TV2, i Dagbladet i Oslo, i avisa Firda i Førde, Sogningen Sogns Avis (no Sogn Avis) på Hermansverk og Firda Tidend på Sandane.
Rolf er fødd i 1965 på Våland i Stavanger, utdanna lærar ved Sogndal lærarhøgskule, busett i Førde og har fem barn.
- Telefon: 970 55 208
- Twitter: @Rolfsanne