Hopp til innhold

«Magnus»-forfattar sa opp fast jobb i NRK og flytta til bygda

Rolf-Magne Golten Andersen (36) står bak NRK sin nye humorsuksess «Magnus». Fjell og fjordar på Vestlandet gav inspirasjon til trolla i serien.

Manusforfatter Rolf Magne Andersen

TROLL I HYLLESTAD: For å få inspirasjon til «Magnus» reiste Rolf-Magne Golten Andersen til Hyllestad.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

NRK si storsatsing «Magnus» har hausta lovord og gode terningkast frå meldarane. Manusforfattar Rolf-Magne Golten Andersen var usikker på kva respons serien ville få.

– Eg låg på alle fire under kjøkkenbordet og samla saman vasne brokkolibukettar som ungane hadde mista ned.

Det er då telefonen hans vibrerer. Kjærasten får det med seg først, og ropar at han fekk terningkast 6 i VG.

– Eg måtte sette meg ned litt, fortel 36-åringen.

Inspirasjon frå fjella

For fire år sidan hadde Vidar Magnussen ein sprø idé. Han ville skrive om ein håplaus politietterforskar. Eit misforstått geni som kan finne opp kva som helst. Magnussen diskuterte ideen med Andersen. Tre år seinare ringde komikaren. Då hadde Andersen sagt opp jobben i NRK og flytta til Dale i Sunnfjord. Kjærleiken førte han dit.

– Først såg vi på hus på Nesodden utanfor Oslo, men vi forstod raskt at vi måtte flytte til Vestlandet for å finne den utsikta vi leita etter, avslører Andersen, som opphavleg kjem frå Sotra.

Manusforfattarane pitcha ideen for NRK og fekk klarsignal. For å få inspirasjon til serien reiste dei til Lifjorden i Hyllestad. Der sat dei i nokre dagar og tenkte ut heile sesongen.

– Det er ikkje rart vi begynte å tenkje på troll når vi såg opp på dei fjella, seier Andersen.

Eit anna univers

Den elendige politietterforskaren Magnus Undredal må løyse eit drap og skapar kaos for alle rundt seg. Saman med ein suicidal kollega og ein einsam nabogut reiser han ut på eit overnaturleg eventyr.

Prislappen på serien var på 26 millionar kroner. Over 270.000 har sett minst éin episode på nett. På lineær TV har serien hatt minkande sjåartal, men gjennomsnittet ligg på 275.000, ifølge ferske tal frå NRK.

Mann stirrer skremt på noe. Navnet MAGNUS.

«SINNSSYKT OG FANTASTISK»: ... var to av orda VG brukte då dei melde serien til terningkast 6.

Foto: Elin Eike Worren / Viafilm/NRK

– Alt starta med Vidar Magnussen. Han er litt for lik hovudpersonen Magnus Undredal.

Andersen likar humoren til Magnussen, men måtte prøve å dempe dei mest ekstreme ideane. Under manusskrivinga la forfattarane vekt på å få fram kjensler og det overnaturlege.

– Å prøve å knytte den veldig absurde slapstickhumoren til noko følelsesmessig var essensielt, fortel Andersen.

Humorserien er ein krimkomedie, ei relativt unik sjangerblanding ifølge produsenten for serien, Anders Tangen i Viafilm.

– Det er første gong vi lagar ein serie som blandar sjangrar på denne måten. Det er fantastisk å sjå korleis NRK utviklar nye, spennande prosjekt, seier Tangen til NRK.

Manusforfattar Andersen meiner serien har omdefinert kva norsk humor kan vere.

– Det var eit mål å gjere noko annleis med humoren i serien. Det er eit heilt anna univers med ein ganske sær og absurd humor, fortel Andersen. I ein episode dukkar det opp eit diplomatisk troll. Han enda opp med å likne veldig på Donald Trump.

Eksotisk skriveprosess

I ti år jobba Andersen som tekstforfattar, radioprodusent og prosjektleiar i NRK med ansvar for program som «P3morgen», «Hallo i uken» og «Komiprisen» før han starta å arbeide frilans.

– Fleire kollegaer i Oslo trur at eg sit nede ved fjorden med Mac-en min og skriv. Det verkar som dei synest det er veldig spennande og nesten litt eksotisk å skrive her på Vestlandet.

Manusforfattaren sit ofte og kvernar på idear på heimekontoret sitt, men prøvar også å ta ein tur ned på Allmuen Kafé i Dale.

– Å våge å flytte er eigentleg det som har gjort at eg våga å seie ja til å skrive ein TV-serie sjølv om eg aldri har gjort det før, fortel Andersen. Flyttinga førte til meir familietid for tobarnsfaren og det var viktig for framgang i skriveprosessen.

Andersen håpar han får lov til å lage ein ny sesong av «Magnus» og fortel at han allereie er i gong med å skrive.

Har du enno ikkje sett «Magnus», kan du byrje på første episode her:

Etter en relativt stor fadese under en aksjon ved bryggehallen, blir Magnus mot alle odds satt til å løse en stor sak. Nabogutten Nikolai og den deprimerte kollegaen Dan blir med.