Hopp til innhold

Dei står klare til å hjelpe deg

Førebels har det blitt mykje kortspeling på hjelpekorpsa i påskefjellet, men om ulukka skulle vere ute er dei på klare.

Norsk folkehjelp i Årdal påska 2014

KLARE: Rune Blikken, Jo Blikken, Oda Blikken, Kjell Arne Solheim, Øystein Grindhaug og Andreas Veheim er klare for å hjelpe påsketuristar i Årdalsområdet.

Foto: Norsk Folkehjelp

Påska er så vidt sparka i gang, men så langt har det vore roleg i fjella. Frå skjærtorsdag har Røde Kors om lag 30 personar ute som skal vere på vakt gjennom påskedagane, fortel operativ leiar Margrethe Skåden.

Hjelpekorpsa er spreidd utover fylket, på Hafslo, Vikafjellet og Gaularfjellet, i Høyanger, Luster, Sogndal og Leikanger.

– Skal få hjelp uansett kor

Sjølv om snøen ikkje er like til stades alle plassar er dei likevel budd på at påsketuristane kan trenge deira hjelp.

– Dei snakkar om at det ikkje er så veldig mykje snø, og at ein gjerne må ganske høgt opp for å finne det, med unntak av i Indre Sogn der dei har snø nokså nært. Men dei som ikkje er på korpshyttene har normal beredskap som dei har heile året gjennom, så folk skal få hjelp uansett kor dei er hen, seier Skåden.

Norsk Folkehjelp i Årdal påska 2014

FØLGJER MED: «Ko-vakt» Kjell Arne Solheim og resten av Norsk Folkehjelp gjer meir enn berre å spele kort. Dei følgjer godt med i tilfelle nokon skulle trenge deira hjelp.

Foto: Norsk Folkehjelp

Også Norsk Folkehjelp har sine folk på plass, sjølv om det no verkar å vere stille og roleg i påskefjellet.

– Det kan no bli ein del kortspeling, og det har vore ein del av det allereie, men slik som vêrmeldingane er no kan det jo glimte til noko. Vi får håpe vi slepp å hjelpe nokon, men vi er budd om det skulle bli noko, seier Rune Blikken, beredskapsansvarleg i Norsk Folkehjelp.

– Nok av snø

Dei held til i Årdal og har fem personar på vakt til ei kvar tid. I tillegg har dei mellom ti og femten andre i nærområdet dersom det skulle verte eit større behov. Og snø har dei mykje av der.

– Snø har vi fått den seinare tid, så her er det nok av snø, men vi er jo på tusen meters høgde så vi har vel litt annleis høve her enn lenger ut i fylket.

Og påsketuristane har allereie begynt å kome, sjølv om dei førebels ikkje er så mange.

– Men eg ser jo gode vêrmeldingar frå fredag og utover, så det blir nok ein faktor som spelar inn og som dreg fleire folk opp i fjellet.

Ber folk ta omsyn til vêret

Sjølv om hjelpekorpsa står klare for å hjelpe ønskjer dei likevel at alle tek ansvar når dei skal ferdast i fjella.

– Vil vil jo vere til stades, men vi vil likevel oppfordre folk om å ta omsyn til vêrmeldingar og ikkje minst skredvarsel. Ein må ta omsyn og bruke sunn fornuft utan å gløyme å kose seg. Det går fint an å kose seg inne på hytta når det er litt dårleg vêr ute, seier Skåden i Røde Kors.