NRK Meny

Roleg natt for politiet

Det ser ut til å ha gått ganske roleg for seg i heile fylket i natt. Litt har politiet likevel hatt å gjere på.

Politi-illustrasjon
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

På Gaupne i Luster måtte politiet sei ifrå til tre ungdommar som drakk og var påverka på offentleg stad. Ein av desse vart også sendt til legevakta etter skader frå ein slåstkamp.

Utrykkingspolitiet har også hatt to promillekontrollar i natt. Ein i Førde og ein i Florø. til saman vart meir enn femti personar kontrollerte her, men ingen av dei fekk utslag på promilletesten.

I Florø var det derimot ein ung bilførar som vart meldt til politiet for uaktsam køyring.

– Det er fleire vitne som har fått med seg ein bil som har mista kontrollen, og køyrd rett inn i ein fjellvegg. Føraren har blitt meldt av politiet, fortel Olaug Holme ved Vest politidistrikt.

Det skal ikkje vere mistanke om promillekøyring, men føraren skal ha køyrd på ein slik måte at politiet meiner det er god grunn til å melde han. Det har skjedd i samband med ei forbikøyring.

– Vi kallar det «tyleferd»

Også i Lærdal har ein førar blitt meldt til politiet, etter at politiet vart vitne til ein farleg forbikøyring på E16.

– Det skal ikkje ha vore så langt unna ein kollisjon, og bilen som kom i mot måtte bremse kraftig ned, fortel Holme, som skildrar forbikøyringa som "tyleferd".

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar