Hopp til innhold

Roleg natt for politiet

Like før klokka to i natt måtte politiet i Høyanger rykke ut til sentrum etter at to personar hadde barka saman. Ingen fekk alvorlege skadar, men saka vert følgt opp.

Politi, politiet

KONTROLLAR: Politiet i fylket gjennomførte i natt fleire kontrollar mot fart og rus.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Like før klokka tre i natt måtte politiet i Førde hjelpe til med å få ein overstadig rusa person til legevakta. Litt tidlegare på natta hadde politiet i Førde ein trafikkontroll på Bruland. 12 bilførarar vart kontrollerte, men ingen fekk merknadar.

Ved totida oppdaga politiet i Måløy ein overstadig rusa person i sentrum. Vedkomande vart overtatt av helsevesenet.

Kvar over tre i natt tok politiet i Florø hand om ein rusa person på ein utestad, og køyrde vedkomande heim.

Ved totida i natt hadde UP kontroll på riksveg 53 mellom Årdal og Fodnes. 55 bilar vart kontrollerte, fem fekk forenkla førelegg. Høgste målte fart i 80-sona var 96 kilometer i timen,

Om lag samstundes var det promillekontroll i Aurland. Der kontrollerte politiet 25 bilførarar utan merknadar.

Ein time seinare var det kontroll i Skjolden i Luster. Der vart 22 bilførar kontrollerte utan utslag, men fekk gebyr for å ikkje ha med seg førarkort.