Hopp til innhold

Roleg natt for politiet

Natt til søndag var ei roleg natt for politiet, men litt fekk dei likevel å henge fingrane i.

Politi-illustrasjon

ROLEG NATT: Politiet hadde lite å hanskast med natt til søndag.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Klokka 0.29 vart ein bilførar stogga på Hornnes i Førde, mistenkt for promille og tatt med for blodprøvetaking. Det synte seg at det var snakk om lågpromille, og mannen i 20-åra fekk behalde førarkortet.

Eitt kvarter seinare vart ein person i slutten av tenåra, som var uønskt på ein privatfest i Førde, henta av politiet og sett i arresten. Mannen hadde då slått til ein annan person på festen. Han sette seg også til motverje mot politiet.

Klokka 01.55 fekk ein person i Florø beskjed om å ta tilhald ein annan stad for natta, på grunn av uovereinsstemmelsar på staden der han var.

Klokka 02.10 vart ein mann overstadig rusa mann i 20-åra sett i drukkenskapsarresten i Førde.