NRK Meny
Normal

Rognaldsvåg skule ryk

Rognaldsvåg skule i Flora kommune blir lagt ned.

Rognaldsvåg skule
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det vedtok bystyret i går då dei handsama skulestrukturen.

Fire avgjorde

Ordførar i Flora, Bente Frøien Steindal seier det kom fram nye opplysningar i går som førte til at valet om å legge ned skulen vart enklare.

- Vi fekk nye opplysningar om fire elevar som var søkt til skule i Florø. Då vert det berre åtte elevar att. Og det er eit sterkt signal når elevar søkjer seg vekk frå skulen, seier ordføraren.

Bente Frøyen Steindal
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Lang debatt

Bystyret byrja klokka 17.00 onsdag ettermidag, men vart ikkje avslutta før i ellevetida i går kveld.

- Det var ein grundig debatt og gruppemøte måtte til for at vi skulle klare å avgjere saka. Diskusjonen gjekk ut på kva som er pedagogisk riktig i høve tal elevar, og at det vart diskutert korleis vi skal unngå å måtte ta slike diskusjonar kvart år. Lokalsamfunnet treng stabilitet, seier ho.

Sløkte julegrana

Det var ikkje eit samrøystes bystyre som valde å leggje ned Rognaldsvåg.

Ordføraren fortel at ho til no ikkje har fått reaksjonar anna enn ei tekstmelding i går.

- Det stod noko om at dei no sløkte julegrana på Rognaldsvågen fordi vi valde å gå for å kutte skulen, fortel ho.

Flora kommune må spare inn 1, 75 millionar kroner, og ved å leggje ned Rognaldsvåg sparar dei i følgje ordføraren 1, 2 millionar kroner.

Bystyret avgjorde også at ungdomstrinnet ved Solheim skule i Norddalsfjord blir oppretthalden, og ikkje flytta til Florø slik som forslaget var.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.