Hopp til innhold

For eitt år sidan stod han til knes i gjørma heime – så hamna han midt i grottedramaet

På eitt år har Roger Sevrin Bruland opplevd flaum på garden heime i Utvik og levert direkterapportar på løpande band frå grottedramaet i Thailand.

Montasje: Roger Sevrin Bruland under flaumen i Utvik og i grottedramet i Thailand

EITT ÅR MELLOM: For eitt år sidan var Roger Sevrin Bruland heime for å hjelpe til under flaumen i Utvik. Nyleg kunne du sjå han i TV-ruta frå Thailand – også då klissvåt frå topp til tå.

Foto: NRK

– Det er klart eg har tenkt litt på det. Og eg har opplevd mykje av den same dynamikken begge gongane: Folk stiller opp for kvarandre, seier Roger Sevrin Bruland.

Du kjenner han nok best som NRK-reporteren som rapporterte direkte frå grottedramaet i Thailand. 12 gutar og trenaren deira vart sitjande hjelpelause fast inne i ei grotte. Med heile verda som vitne enda dramaet til slutt godt: Alle vart berga ut i live.

For Bruland var det samstundes slutten på ei veke med intens jobbing meir eller mindre døgnet rundt. Dette er eitt av innslaga han sende heim til Noreg:

Reporter i Thailand Roger Sevrin Bruland rapportere direkte fra jungelen over grotta.

DIREKTE PÅ TV: Redningsarbeidarar jublar over ha klart å leie vatn bort frå grotta. NRK-reporter Roger Sevrin Bruland formidla det heile direkte til norske TV-sjåarar.

Skreiv sjølvopplevd sak om flaumen

– Livet er hardt her i Nord-Thailand. Folk må hjelpe kvarandre når nokon slit. Skal dei plante kaffibønder eller ris, så stiller naboane opp. Litt slik har vi det i Noreg også, seier utanriksreporteren.

Han er sjølv frå Utvik i Nordfjord, og for eitt år sidan opplevd han at den vesle bygda vart råka av naturkreftene. Heimbygda vart nasjonale nyhende då flaumen feia med seg bru, vegar og bygningar. Bruland kasta seg i bilen og køyrde heimover for å hjelpe til.

Han fekk kjenne på kroppen korleis det var å bli råka personleg.

Synet som møtte han heime var enorme øydeleggingar. Over tusen kubikk matjord vaska ut i fjorden, knuste naust og to djupe krater midt på tunet.

Etterpå skreiv han ei sjølvopplevd sak som vart publisert på NRK.no.

Ny elv på tunet

HEIME I UTVIK: Ei ny laga seg veg tvers gjennom tunet. Flaumen i Utvik var ikkje til å spøke med.

Fekk flashback heimanfrå i Thailand

I Thailand var sjølvsagt mykje ulikt. Men noko var også til forveksling likt situasjonen heime i Utvik for eitt år sida. Bruland vedgår at han fekk nokre flashbacks. Og han fekk kjenne på ei kjenslemessig berg- og dalbane.

– Klart ein blir rørt. Eg har møtt så mange utruleg trivelege folk. Mange hadde ingenting, men dei gav likevel alt dei hadde, seier Bruland.

– Du har jobba mykje. Har vel behov for å ta deg inn att?

– Ja, eg er jo ikkje 20 år lenger. Etter eine turen i jungelen måtte eg leggje meg nedpå inne på ein restaurant. Der gjorde eg nokre direkterapportar på radio. Men alt har vore så positivt. Så sjølv om eg er sliten, så har det vore på ein god måte, seier han.

– Og eg har jo ikkje gjort ein tiandedel av det dei som har sprunge opp og ned bakkane med utstyr. Det er like bratt som på Vestlandet, og der sprang dei opp og ned med tunge maskindelar, pumper og slangar – og det var så vidt eg kom meg ned med ein sekk med kamera. Så det er dei som verkeleg har gjort ein innsats, seier nordfjordingen.

Roger Sevrin Bruland på jobb under grottedramaet i Thailand

PÅ JOBB I THAILAND: Roger Sevrin Bruland fekk vere med som reporter då lokale folk hindra vatnet i å stige i grotta ved å leie regnvatn vekk gjennom bambusrøyr.

Foto: Satienpong Nernpon

Skulle lite til før det gjekk gale

Konstituert redaksjonsleiar i utanriksavdelinga til NRK, Sigurd Falkenberg Mikkelsen, er full av lovord om innsatsen Bruland har lagt ned i Thailand.

– Måten Roger Sevrin har rapportert på, med engasjement og alvor, har fungert svært bra. Han kom tett på redningsarbeidet og viste kor komplisert det var. Ei slik sak krev uthald døgnet rundt, seier han til Firda.

Sjølv har Bruland jobba med mange saker om krig og elende, der alt har vore håplaust. I grottedramaet hadde han heile tida eit håp om at det skulle ordne seg til slutt. Men det skulle kanskje ikkje så mykje til før det heile hadde fått eit anna utfall.

– Det er ingen som seier det, men eg har ei kjensle av at dersom vêrgudane gått imot, så hadde dette gått gale. Det skulle så lite til for at vasstanden auka, og då ville oksygennivået inne i grotta ha minka. Då ville det ha blitt vanskeleg både for dei som sat der inne og dei som skulle jobbe der inne, seier Bruland.

«Redningsaksjonen verden aldri glemmer» skriver Thai Navy Seals på Facebook.

SJÅ VIDEO: «Redningsaksjonen verda aldri gløymer» skriv Thai Navy Seals på Facebook.