Hopp til innhold

Roger Aa Djupvik på nytt lag

Roger Aa Djupvik frå Hyen har teikna kontrakt med det svenske langrennslaget Team Exspirit.

Roger Aa Djupvik

SATSAR BERRE PÅ LANGE LØP: Roger Aa Djupvik.

Foto: Rune Fossum / NRK

Frå før er fleire av dei beste langdistanseløparane i langrenn med i Team Exspirit, mellom andre Oskar Svärd. Signeringa er eit samarbeid mellom det svenske laget og Lillehammer Skiklubb, der Aa Djupvik har vore medlem siste året.

Akkurat no ligg 31 år gamle Aa Djupvik i treningsleir i Åre i Sverige saman med resten av laget.

Han seier til nettsida til Team Exspirit at han er svært glad for å ha fått dette høvet til å fokusere berre på langdistanse.

– Eg er med i eit lag med mykje røynsle frå lange løp og med sterke utøvarar. Alle har sine eigne spesialitetar, og eg er sikker på at vi kjem til å vere i toppen i skiklassikarane.

Roger Aa Djupvik avslutta sist sesong sterkt med m.a. andreplass i Birkebeinerrennet.