Hopp til innhold

Tre år etter at han la opp er han på seniorlandslag

Tre år etter at skade tvang han til å legge opp som profesjonell fotballspelar, skal Eivind Daniel Røed (24) forsvare dei norske fargane i EM.

Eivind Daniel Røed

VAKSEN: Eivind Daniel Røed har representert Norge på alle landslag frå G15 til G19. No er han for første gang teken ut på eit seniorlandslag.

Foto: Arve Uglum / NRK

Stårheimaren er teken ut i den 11 mann store landslagstroppen som skal forsvare dei norske fargane under EM i futsal 23.–28. mai.

– Det blir veldig annleis, sjølv om eg har spelt med flagget på brystet fleire gonger før. Det er første gang med futsal, og så blir det med vaksne. Eg har jo berre aldersfastlagde landskampar frå før, seier Eivind Daniel Røed.

La opp 22 år gamal

Midtstopparen kom frå Eid til Sogndal som eit stort forsvarstalent i 2008. Men etter 12 seniorkampar og 35 aldersfastlagde landskampar for Norge, tvang skade han til å legge opp som toppspelar berre 22 år gamal .

No er han i troppen som møter vertsnasjonen Russland og Frankrike i EM. I tillegg deltek Tsjekkia, Israel, Italia, Hviterussland, Catalonia og Kasakhstan.

– Vi er solide outsiderar. Andre nasjonar har betalte og proffe spelarar. Vi har ingen, så presset er ikkje så stort på oss for å seie det slik. Men det er bra, då har vi alt å vinne og kan gje gass, seier han.

Smertene kjem

Det var den kroniske muskelskaden muskellosjesyndrom som tvang han til å leggje opp. Trongt bindevev i forhold til muskelen øydelegg for oksygenopptaket til leggane. Det gjer det svært smertefullt å spele fotball.

Etter at han la opp som fotballspelar, har han spelt kampar både for Fyllingsdalen, Norheimsund og Eid. Utan at det har gjeve han den heilt store fotballgleda.

– Sjølv om eg har gått ned på eit nivå med lågare intensitet, så har eg ikkje fått den same gleda. Smertene kjem uansett, seier han.

Har funne fotballgleda

Fotballgleda har han derimot funne i futsal og saman med kompisgjengen i Carebears. Laget vann suverent maratontabellen for turneringane i Bergen. I fjor haust gjekk dei til kvartfinalen i NM.

Laget starta han saman med kameraten Sigurd Singelstad.

– Skaden har ikkje lækja seg, men eg kan ta forholdsreglar i futsal. Vi har flytande byte, slik at eg kan bytte når leggane mine stivnar. I tillegg slepp eg overgangen mellom naturgras og kunstgras, som gjorde det vanskeleg å spele utefotball, seier han.

Glad for skaden

Røed saknar ikkje toppidretten og eit evig jag etter resultat og speleminutt.

– Eg kjende vel litt på presset når kroppen ikkje fungerte som den skulle. Samstundes er eg glad for det eg fekk oppleve og erfare, men eg trur eg til slutt kan seie at eg er glad for skaden. Elles kan det hende eg aldri kom meg ut av fotballen, seier han og avsluttar:

– Eg kosar meg med fotballen saman med kompisane, kanskje meir enn eg elles ville gjort.