Hopp til innhold

Sogndal satsar vidare på stortalent frå Eid

Eidaren Eivind Daniel Røed har skrive under ny kontrakt med Sogndal som bitt han opp til klubben ut sesongen 2013.

Eivind Daniel Røed

NY KONTRAKT: Trass skadeutfordringar, går Eivind Daniel Røed no inn ein ny langtidskontrakt med Sogndal.

Foto: Arve Uglum / NRK

Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal, er i følgje heimesidene til klubben, nøgd med signeringa..

– Både som spelar og person er Eivind Daniel meir vaksen enn alderen tilseier. Han er ein person me er svært glade for å ha med i klubben, seier Mundal.

Idrettsbrokk

Forsvarsspelaren har vore gjennom ein operasjon for brokk-lidinga Gilmore's groin, og sidan slutten av april har han hatt trøbbel med betennelse i mageregionen i samband med operasjonen. Det sette likevel ikkje nokon stoppar for ei ny kontrakt, opplyser Sogndal Fotball.

– Han har hatt store utfordringar med skadar, men me håpar og trur det er historie så han får vise fullt ut kva han kan, slår Egil Mundal fast.

Vert student

Røed er og nøgd med den nye kontrakten, ikkje minst fordi han no kan kombinera fotball og lærarstudiar.

– Det er kjekt at klubben har tru på meg trass i mine mange skadar og skadeopphald. Eg gler meg til å bli skadefri, slik at eg igjen kan jobbe knallhardt for å betale tilbake til klubben, seier Eivind Daniel Røed til heimesida.

Eivind Daniel spelar også på U19-landslaget saman med Ørjan Hopen. Du kan lesa meir om han her.