Hopp til innhold

Rockekonserten vart til eit mareritt

Kvinna frå Sogn og Fjordane såg fram til ei minnerik oppleving med Bon Jovi-konsert i Bergen. I staden vart det starten på eit mareritt.

Bon Jovi-konsert på Koengen i Bergen

KONSERT: Ei kvinne frå Sogn og Fjordane er for andre gong frifunnen for vald mot to polititenestemenn i samband med Bon Jovi-konserten i Bergen 22. mai i fjor. Både lagmannsretten og tingretten meiner det må vere andre forklaringar enn sjølvforskyldt rus som gjorde henne bevisstlaus.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det var i mai i fjor at kvinna og ei veninne av henne tok med seg borna til konserten på Koengen i Bergen.

Men allereie før rockestjerna frå New Jersey entra scena, var den då overstadig rusa kvinna pågripen av politiet og på veg til arresten via legevakta.

I samband med dette retta ho slag, spytt, spark og ukvemsord mot polititenestemennene.

Ville ha domfelling

Med fleire spørsmål enn svar om kva som hende, har tida hendinga vore ei stor belastning både for kvinna og familien. Verken ho sjølv, vener eller familien kjenner henne att i det som skjedde, eller kan forklare det.

Medan politiet meinte kvinna drakk seg bevisstlaus og utførte valden, har både tingretten og lagmannsretten kome til at framferda ikkje kan forklarast med alkoholrus.

Kvinna hugsar berre brotstykke frå ho kom til konsertarenaen og fekk to tilfeldige i toalettkøen til å passe vinen hennar, til ho vakna i arresten dagen etter.

Andre årsaker

Kvinna vedgjekk å ha drukke irsk kaffi, øl, Baileys og vodka før konserten, men hevda ho ikkje kjende seg rusa då ho kom til Koengen.

Basert på forklaringa til kvinna meinte ekspertar ho hadde ein promille på mellom 0,5 og 1. Noko som også samsvara med at arrestforvararen meinte kvinna verka edru i 04-tida.

Derimot samsvara ikkje ein slik promille med handlinga og politiet si skildring av ei hjelpelaus, forvirra og kjenslemessig ustabil kvinne. Ekspertar meinte det var meir i samsvar med ein promille på to-2,5 eller meir.

Kan vere andre forhold

– Kvinna si åtferd lar seg ikkje forklare i den alkoholrusen, og medvitsløyse må difor ha andre årsaker enn sjølvforskyldt rus, slår Gulating lagmannsrett fast.

Retten delte seg i synet på om kvinna skulle dømmast eller ikkje. Mindretalet, ein lagdommar, meinte kvinna forklara seg om eit mindre alkoholinntak enn det som var tilfelle.

– Hennar handlingar var ein følgje av sjølvforskyldt rus, der ho ikkje kan fritakast for straff, meinte lagdommaren.

Ingen blodprøve

Fleirtalet, to lagdommarar og fire meddommarar, meinte derimot at det ikkje var haldepunkt i saka for at kvinna hadde drukke meir enn det ho forklarte seg om.

Ei heller om ho hadde fått i seg andre rusmiddel.

Utan blodprøve eller utandingsprøve å støtte seg til, lét fleirtalet tvilen kome kvinna til gode og frifann henne for valden.