NRK Meny
Normal

Rockar campen med lydlause gitarar

NORDFJORDEID (NRK): Rockarane har samla seg på festivalcampen på Malakoff Rockfestival. Nokre tar rocke-stempelet meir alvorleg enn andre.

Guitar Hero-kameratane

«HARDBARKA KARADN»: Per Gunnar Førde Tvedt, Gard Engen, Andreas Aaland, Mads Sundseth og Svein Inge Solaas frå Kyrkjebø kallar seg «Hardbarka karadn».

Foto: Alf Vidar Snæland

– Eit band som heiter Kaiser Chiefs skal spele på festivalen i kveld og dei har ein veldig populær song som heiter «Ruby». Den har vi spelt på mykje på PlayStation, så då kom Gard på at vi måtte ha med gitarane, seier Andreas Aaland.

Ekte rockestjerner

Festivalcampen er fylt med 5 000 ungdomar fordelt på 900 telt. Per Gunnar Førde Tvedt, Gard Engen, Andreas Aaland, Mads Sundseth og Svein Inge Solaas frå Kyrkjebø har gått litt lenger enn dei fleste når det kjem til dekor.

Dei har nemleg pynta partyteltet sitt med Guitar Hero-gitarar. Dette er gitarar som nyttast for å spele songar på tv-spel, der det er om å gjere å spele så likt som artisten.

Etter at ideen var påkomen starta jobben med å få tak i fem gitarar, som camparane kunne ha med seg.

– Vi skreiv på ei kjøp og sal-gruppe i Høyanger om det var nokon som hadde slike gitarar. Nokre av dei er øydelagde, men vi skal uansett knuse dei som ekte rockestjerner, seier Aaland.

Er du på Malakoff? Merk gjerne bileta din med #nrksf. Du kan også følgje oss på Instagram - @nrksf

Kan ta over for gitaristen

Gutegjengen ser fram mot kveldens konsert og skulle gitaristen i bandet få problem er det fleire sogningar som kan ta over.

– Gard er den beste. Han har fått 98 prosent, seier Sundseth.

98 prosent vil seie at han spelar nesten heilt likt som gitaristen i Kaiser Chiefs på spelet.

Venegjengen har vore på festivalen tidlegare og drar fram stemninga som det viktigaste for at ein skal ha det fint på festival.

– Det å bli kjent med nye folk og det å sitte og jamme med gutta i teltet er nok det aller kjekkaste, seier Aaland.

Er draumen å få dei signert?

– Vi veit ikkje om vi får dei med oss inn på området, men det hadde jo vore det ultimate.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser