NRK Meny
Normal

Roboten «Thorvald» skal revolusjonere jordbruket

JØLSTER (NRK): Ei forskingsgruppe ved Norges miljø- og biovitenskapelege universitet på Ås har utvikla ein robot som skal gjere kvardagen til bøndene enklare.

VIDEO: Sjå roboten Thorvald, som skal revolusjonere landbruket.

– Målet vårt var å laga ei lett landbruksmaskin som kan ta over oppgåver i landbruket og gjere dei automatiske utan menneskeleg styring, seier Eirik Solberg.

Han er ein av dei i forskingsgruppa som har bidrege til at roboten Thorvald har blitt verkelegheit.

– No har me ei plattform som er klar til å takast i bruk så no er det berre å få teknologien ut på jordet.

Revolusjonerande

Anders Felde er leiar i Sogn og Fjordane Bondelag og er positiv til bruken av Thorvald.

– Det er spanande at det kan koma nye maskiner som kan revolusjonere presisjonslandbruket slik at me kan bruka jorda på ein ny og meir skånsam måte. Med dette kjem moglegheita til å produsera mat under eit våtare klima, og då brukar me mindre av jorda sine ressursar, seier han.

Thorvald

SLÅTTEKAR: Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, og Eirik Solberg syner fram Thorvald som forhåpentlegvis blir framtidas slåttekar.

Foto: Linda Watten / NRK

Han er oppteken av at klimautsleppa må reduserast i norsk landbruk.

– Me må ikkje køyre i hel areala våre, og då kan roboten vera løysinga, seier han.

Blir ei avlasting

Han har trua på at Thorvald kan bli svært aktuell for bønder i framtida.

– Om han kan avlaste oss så me kan gjere andre ting, samstundes som me lagar mindre klimatrykk på jorda, så trur eg faktisk dette kan bli redninga vår i framtida. Ikkje minst kan Thorvald vera noko me bønder blir heilt avhengige av.

Halvor Brosvik er bonde i Gulen. Også han er positiv til framtida med Thorvald i bruk.

Syner fram Thorvald

DEMONSTRASJON: Eirik Solberg syner Halvor Brosvik og fleire andre korleis Thorvald fungerer, under seminaret Lanbruksproduksjon i endra klima på Jølster.

Foto: Linda Watten / NRK

– Dette er eit steg på rett veg. Skal me ta agronomien på alvor så treng me lettare maskiner. I min ungdom draumde eg om ei maskin som gjekk på skjener så roboten her er jo å ta det litt vidare, seier han.

Styrer seg sjølv

Når Solberg syner korleis Thorvald går framover demostrerer han det med ein konsoll.

– Ute på jorda blir han styrt med laserscanner. Kvar bonde treng fleire av robotane for å rekka over jobben som ein traktor gjer i dag, seier han.

– Maskinene styrer seg sjølv og gjer jobben for bonden medan han søv om natta. Når bonden står opp er graset slått, og då er det berre for han å få det i hus, seier Felde.

Men sjølv om Thorvald gjer mykje jobb for bonden betyr ikkje det at bonden blir arbeidsledig med det fyrste.

– Nokre bønder er redde dei skal bli liggande på sofaen utan arbeid med Thorvald i bruk, men dei må jo fortsette å ta avgjersler og vera sjef på garden likevel, understrekar Solberg.

Her er ein demonstrasjonsvideo frå Saga Robotics av korleis Thorvald blir i bruk ute på jordet.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.