Hopp til innhold

Roar Hjelemeset nett-trenar

Glopparen Roar Hjelmeset blir nett-trenar for langrennsutøvarar. 30-åringen skal i lag med Jens Arne Svartedal og tidlegare landslagstrenar Steinar Mundal gje treningstips på den populære internettsida langrenn.com.

Ein gong i månaden skal Roar Hjelmeset skrive treningstips retta mot langrennsutøvarar i alderen 16 til 20 år.

Glopparen, som til dagleg underviser ved Hovden skigymnas, vil motivere til variert og lystbetont trening, iallfall i sommar

 

Roar Hjelmeset har ein stafett-bronse fra junior-VM og tre medaljar frå junior-NM å vise til. Men den aktive karrieren har 28-åringen trappa gradvis ned dei siste åra..

 

Hjelmeset har fått fart på karrieren til fleire av skitalenta han har undervist på skigymnaset, og glopparen er ikkje framand for tanken på å satse på ei trenarkarriere om høvet skulle by seg.