Hopp til innhold

Roa valnervane med lang shoppingtur

Valdag og nervar i høgspenn, men slikt kan lett løysast. For Liv Signe Navarsete og Sandra Borch var Oslo-shopping rett medisin. Med god oppslutnad rundt Senterpartiet var glisa ekstra store under valnatta.

Liv Signe Navarsete talte til partiet sitt under Senterpartiet si valvake 2013

VI TRENGST: Slo Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete fast då ho talte til partifellene sine under valvaken i går kveld.

Foto: Hans Olav Rise / NRK

– Vi får nok sjå ei svært opplagt Liv Signe snart. Vi har nemleg vore ute og shoppa saman i dag, så antrekket hennar er fantastisk, smilte ei glad og litt nervøs Sandra Borch til NRK.no i går kveld.

Leiaren i Senterungdomen let seg intervju like før partileiar Navarsete gjekk på talarstolen under Senterpartiet si valvake.

– Liv Signe har vore kjempebra i valkampen, trass i mykje tyn frå media. Vi har satsa på dei lokale kandidatane og lokale medieoppslag, og grasrota har jobba fantastisk, sa Borch.

– Vi trengst i norsk politikk

Så kom Navarsete inn, til stormande jubel. Smila var store, for alle dei sentrale politikarane såg, ifølgje målingane, ut til å behalde plassen på Stortinget. Både Trygve Slagsvold Vedum, Marit Arnstad og Navarsete sjølv.

– Det er klart det er tryggjande å sjå. Vi kjempar for kvart einaste mandat, og vi er eit parti som trengst i norsk politikk, sa Navarsete til NRK like etter talen.

– Alt tyder no på at vi kjem tilbake om lag som sist i 2009, noko som er ei enorm tillitserklæring frå veljarane etter åtte år i regjering.

– For all teori tilseier at dei minste partia blir hardt skamfare, slik for eksempel Kristeleg Folkeparti blei etter sitt samarbeid med Høgre i 2005, sa partileiaren i Senterpartiet vidare.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sandra Borch

OPPLADING: Sandra Borch og Liv Signe Navarsete lada i går opp til valnatta med ein shoppingtur.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Perfekt opplading

Då ho fekk spørsmål om oppladinga før valvaka, kom eit lurt smil følgt av latter frå Navarsete.

– Ja, eg og Sandra var på shopping i dag, noko som var utruleg kjekt.

– Eg har hatt ein fantastisk dag, med treningstur i Frognerparken, frukost med mannen min og ein lang tur med Senterparti-folk i marka. Og så blei shoppingturen ei perfekt opplading før valvaka.

Inne i ei boble

For Navarsete blir det stortingsplass, men for Borch vart det for tøft – som andrekandidat i Troms.

– Det blir kjempespennande utover kvelden. Eg kjenner at, off ... Det blir ein lang kveld, sa Borch litt tidlegare på kvelden.

Med 6,5 prosent oppslutnad for Senterpartiet i Troms vart det ikkje noko mandat på verken Borch eller Sp sin førstekandidat.

Borch vel å gle seg over eit sterkt Senterparti, men ser òg det positive i noko anna:

– Det er veldig bra at Framstegspartiet går ned såpass som dei gjer, slo Borch fast, før ho fortalde at ho var langt inne i ei boble medan stemmene fossa inn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Navarsete

TAKKA MANNEN: – Dei har vore ei enorm støtte, sa Navarsete om mannen og barna som ho har hatt i ryggen heile vegen.

Foto: Ellen Viseth / NRk

Navarsete på si side var både opplagt, og slo fast at skuldrene var låge like før den korte gåturen til Stortinget.

– Ja, skuldrene er låge, for slik prognosane ser ut meiner eg vi i Senterpartiet har all grunn til å vere fornøgde.

Så får vi vente og sjå på oppteljinga, for siste ord er ikkje sagt.

Oppdaterte tal klokka 04.55 tysdag morgon viser at Senterpartiet enda med ein oppslutnad på 5,5 prosent (tilbake 0,7 prosent) på landsplan, og partiet er dermed inne med ti mandat på stortinget.

Takkar mannen

Gjennom ein lang valkamp, med både kritikk, gjentekne medieoppslag og hektiske kvardagar, seier partileiaren vidare at éin mann har hatt mykje å seie for ho.

– Mannen min har vore ei klippe, både i og utanfor valkamp. Eg har veldig mykje å takke Lars Petter for.

Mannen hennar Lars Petter Nesse, som er varaordførar for Senterpartiet i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane, har alltid stilt opp, forklarer Navarsete.

– I det heile er familien utruleg viktig for meg, både Lars Petter og ungane våre. Det har vore ei enorm støtte å ha dei på laget, avslutta Navarsete før turen etter kvart gjekk til Stortinget.