Hopp til innhold

Rnkovic-dobbel sikra årets første siger til Arendal

To mål av 38-åringen Petar Rnkovic før pause sikra Arendal sin første siger i årets førstedivisjon. Florø står framleis utan siger.

Petar Rnkovic, Arendal 2-0 over Florø
Foto: Håkon Eliassen / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Det var ein slitekamp og ingen dårleg motstandar, men til slutt følte eg det var fortent. Det var herleg å endeleg få den første sigeren for sesongen, seier tommålsscorar Petar Rnkovic.

Petar Rnkovic spelte hovudrolla for Arendal i første omgang. Alt etter åtte minutt var han på plass i feltet og sende heimelaget i leiinga.

Effektivt heimelag

Og ti minutt før pausen var 38-åringen frampå igjen og nok ein gong etter eit frispark. Ballen vart slått opp i feltet på Tobias Olsvik som fekk heada ballen inn att i feltet til Rnkovic som fekk ei enkel oppgåve med å sende ballen i mål.

Petar Rnkovic

MÅLSCORAR: Petar Rnkovic scora begge måla i kampen.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

– Eg føler vi har hatt trøbbel til å spela spissane våre gode i år, men i dag kom vi til sjansane og Petar viste målteften er i orden, seier Arendal-trenar Knut Tørum om målscoraren sin.

Men trass i at Arendal gjekk til pause i 2–0 leiinga var det Florø som hadde ballen mest i første omgang. Vertane Arendal var særs effektive på dei sjansane dei klarte å skapa.

– Det var ein spesiell kamp der vi dominerte i første omgang, men det var dei som scora måla og mål pregar fotballkampar, seier Rognsø.

Petar Rnkovic scoret begge målene da Start vant over Florø

Sjå intervju med målscoraren etter kampen.

Annullert scoring

Fem minutt ut i andre omgang reduserte Stefan Aase for Florø, men scoringa vart annullert for offside.

– Eg håpar det var riktig, for hadde vi fått redusering der hadde vi vore inne i kampen att. Vi har fått rapportar på at annulleringa var feil, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Terje Rognsø

TRENAR: Florø-trenar Terje Rognsø.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Resten av omgangen var jamspelt og i sluttminutta kom Rnkovic nære si tredje scoring for kampen då han kom aleine gjennom med keeper, men Nicklas Frenderup varta opp med ei kjemperedning.

Før kampen stod ingen av laga med siger i årets førstedivisjon. Florø på si side hadde heller ikkje tapt og stod med tre strake uavgjortkampar medan Arendal hadde tapt sine tre første.

At laget gjekk på sitt første tap bekymrar ikkje trenaren.

– Nei, eg var meir bekymra etter sist kamp. Då spelte vi ikkje bra, men spelte vi godt og så slepp vi inn idiotiske mål. Men spelemessig var vi bra, seier Rognsø.

Florø tapte 0-2 for Arendal, og står uten seier i 1.divisjon
Laster innhold, vennligst vent..