Hopp til innhold

Vil frita kommunane ansvaret for kulturminner – usamde om kva som skal skje med dette

Det 80 år gamle Vikenhuset på Skei i Jølster er blitt ei betent sak mellom to partar. Fortidsminneforeininga vil ta over huset og setje det i stand, medan kommunen vil gjennomføre 40 år gamle planar om å rive det.

Det 80 år gamle Vikenhuset på Skei i Jølster er blitt ei betent sak mellom fortidsminneforeininga og kommunen.

SJÅ TV-SAKA: Kommunen vil rive Vikenhuset, medan Fortidsminneforeininga vil setje det i stand.

Det kunne kanskje trengt eit strøk måling og ei og anna ny glasrute, huset frå 1932. Det har vore planar om å rive Vikenhuset som står rett framfor kommunehuset på Skei heilt sidan sistnemnde vart bygd på midten av 70-talet.

– Av ulike årsaker er ikkje huset blitt rive, men det er gjort fleire forsøk på å ta det i bruk eller lyse det ut, fortel Sp-ordførar Oddmund Klakegg.

Det har ikkje lukkast, og no vil kommunen setja i verk rivingsplanane. Men Fortidsminneforeininga har klaga rivingsvedtaket inn til sivilombodsmannen fordi dei meiner huset er verneverdig.

Høg grad av autentisitet

Leif Kahrs Jæger som er styreleiar i Fortidsminneforeininga peikar på at treverket, dørene og den spesielle målemåten er intakt.

– Her var tett tak, luftig kjellar, og her er ingen setningsskadar eller roteskadar. Det er ein veldig høg grad av autentisitet og i forbausande bra stand, seier Kahrs Jæger.

Fortidsminneforeininga har tilbydd seg å ta over eigarskapet og pussa opp huset, men kommunen vil framleis riva.

(Artikkelen held fram under biletet)

Oddmund Klagegg og Leif Kahrs Jæger

UEINIG: Leif Kahrs Jæger i Fortidsminneforeiniga og ordførar i Jølster Oddmund Klakegg.

Foto: Silje Bråstad / NRK

Burde vore pussa opp for 20 år sidan

Difor vil foreininga frita kommunane for ansvaret med kulturminne.

– Kommunane skal ikkje vere plaga med å måtte vere eigar av kulturminner, seier Kahrs Jæger.

Saka har også skapt stort lokalt engasjement.

– Eg har forundra meg i alle år kvifor det har stått og slengt slik, det burde vore pussa opp for 20 år sidan, seier Aslaug Kjøsnes Byfuglien.

– Eg syns det kan rivast. Eg trur det er mange andre hus som både er eldre og meir bevaringsverdige her i kommunen, seier Ottar Fugle.