Risiko med klimavenlege båtar

Det er knytt økonomisk risiko til klimavenlege båtar, skriv Bergens Tidende. Difor går fylkesrådmannen i Vestland inn for to anbodsløp fram til 2024, inkludert eit løp for kontraktar utan miljøkrav. Sogn og Fjordane har tidlegare hatt som mål å ha klimavenlege båtar i drift innan mai 2022.