Hopp til innhold

Risikerte livet då han berga kvinne

Då Bjarne Morken og kollegaen fekk vite at det brann i nabobygget handla dei på rein refleks. Han vil helst ikkje kalle seg helt, men innser at han har berga eit liv.

Bjarne Morken

HELT: Bjarne Morken vil sjølv ikkje kalle seg nokon helt etter at han i går var med å redde ut ei 24 år gamal kvinne.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg trur ikkje eg tenkte så mykje. Eg berre gjorde det som var nødvendig, fortel Morken.

Måndag ettermiddag tok han seg inn ei leilegheit som var svart av røyk. Der inne låg ei hardt brannskadd kvinne som Morken fekk berga ut. Andre hadde då klart å berge ut den 20 månader gamle babyen hennar.

Kvidde seg på å gå inn i røyken

Morken arbeidde i verkstaden på NAV Hjelpemiddelsentral i Førde då ein kollega plutseleg kom springande, skriv avisa Firda. Ho hadde då sett at det brann i nabobygget, eit hus som blir kalla Mølla der det bur asylsøkjarar frå fleire forskjellige land.

– Eg og kollegaen min, Hogne Grimelid, sprang av garde. Han hadde med seg mobiltelefon og fekk varsla brannvesenet på veg bort, seier Morken til NRK.no.

Grimelid jobbar som frivillig i brannvesenet og fekk også røska med seg eit brannsløkkingsapparat. Morken kjende seg heile tida trygg på at dei tok kunne utgjere ein forskjell, men vedgår at dei to kvidde seg litt på å gå inn i den svært røykfylte leilegheita.

– Huset var veldig fullt av røyk så vi kvidde oss litt på å gå inn. Vi frykta mellom anna ein røykeksplosjon. Men samtidig hadde vi ikkje noko anna val enn å prøve, fortel Morken.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Brann i Førde-3 kritisk skadd

Drog kvinna ut på ei dyne

Då dei to fekk opna døra vart dei møtt av eit rom svart av røyk. Grimelid tok seg inn først og fekk sløkt det meste av brannen med pulverapparatet. Då han måtte ut og ha luft stod Morken klar til å ta over.

Han var raskt inne og fekk sløkt det siste av flammane. Så vart dei klar over at det var folk i leilegheita.

– Vi var usikre på kor mange som var der. Eg såg noko på golvet og då eg tok tak i det viste det seg at det var ein person, seier redningsmannen til NRK.

Den 24 år gamle kvinna han fann låg på ei dyne på golvet, men den sterke røyken gjorde det vanskeleg for Morken å få ho ut.

– Det var veldig tett røyk og vi såg lite. Eg måtte ut att og trekkje frisk luft, så for eg inn att og drog med meg kvinna ut.

– Eg heldt handa under ansiktet hennar

Det viste seg at den 20 månader gamle sonen til kvinna allereie var berga ut av ein annan mann. Ifølgje Firda fekk han i går behandling for røykskade ved sjukehuset i Førde.

Utanfor huset konsentrerte Morken og kollegaen seg om å ta hand om den hardt brannskadde kvinna. Minuttane det tok før brannvesenet og ambulanse kom til staden verka lange, fortel Morken.

– Då vi passa på ho pusta ho sjølv. Eg heldt heile tida handa mi under ansiktet hennar for å forsikre meg om at ho pusta, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Husbrann i Førde

KRITISK: Ei 24 år gamal kvinne og den 20 månader gamle sonen hennar er kritisk skadde etter brannen i Mølletunet måndag ettermiddag.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Vil ikkje kalle meg helt

Kvinna og sonen vart etter kvart frakta til Haukeland Universitetssjukehus med helikopter. Sjukehuset opplyste torsdag kveld at begge var kritisk skadde. Sjølv om Morken ikkje vil kalle seg ein helt, veit han at han har gjort ein forskjell.

– Eg kjenner på meg at eg har redda eit liv. Det er ei god kjensle, seier Morken og legg til:

– Eg gjorde det eg kunne, og eg trur ikkje eg kunne gjort noko annleis.

Får hjelp av kriseteam

Det bur i alt 27 asylsøkjarar i leilegheitene i Mølletunet. Desse blir tekne hand om av eit eige kriseteam. Mottaksleiar ved Bergum asylmottak, Andrew Hawkes sa i går kveld til NRK at alle er svært prega av situasjonen.

– Det er klart at dette er ei alvorleg hending og stemninga er deretter. Alle lurer på kva som har skjedd og dei er prega av situasjonen, seier Hawkes.