Det alvorlegaste punktet er momssvindelen på over 293 millionar kroner, noko Økokrim meiner skal ha føregått frå 1991 og fram til Kvalheim vart teken for eit år sidan. Måløy-mannen lurte rett og slett skattestyresmaktene til å tru at han hadde krav på alle desse millionane.
Utruleg nok kunne svindelen føregå i heile ti år. Då det heile vart avdekka gjekk fylkesskattesjef Øystein Alme ut og sa at det var dømt til å bli avslørt. Den gongen visste han ikkje at han sjølv var lurt i så mange år.
Alme vart lurt trill rundt
Kvalheim er også tiltalt for å ha ført nesten 22 millionar kroner over til eit anna selskap, som han sjølv kontrollerte, då OK-Fish selde oppdrettsverksemda si for vel eit år sidan. Økokrim har også tiltalt han for å ha teke ut 12,7 millionar kroner i utbytte frå OK-Fish sjølv om selskapet, i følgje Økokrim, ikkje hadde pengar til dette. Og han er tiltalt for å ha ført fem millionar kroner over til andre selskap der han disponerte bankkontiane.
Jarle Kvalheim er også tiltalt for fleire brot på rekneskapslova og for brot på likningslova. Til saman kan han risikere ni års fengsel for alle lovbrota. Store delar av momssvindelen skal han i følgje Økokrim ha tilstått. I retten blir det først og fremst usemje om den grove utruskapen mot OK-Fish.