Hopp til innhold

Fryktar mindre tippemidlar om monopolet forsvinn

EIKEFJORD (NRK): Regjeringa vurderer å fjerna Norsk Tipping sitt monopol på pengespel. Det kan gå ut over frivillige organisasjonar.

Regjeringa vurderer å fjerna Norsk Tipping sitt monopol på pengespel. Dermed kan det bli færre tippemidlar til frivillige organisasjonar. Eit eksempel på det er fleirbrukshallen som Eikefjord Grendelag i Flora får bygga, - til glede for heile bygda.

FRYKTAR MINDRE SPELEMIDLAR: Sjå TV-sak om at regjeringa vurderer å avskaffa Norsk Tipping sitt monopol. KORREKSJON: Eikefjord Grendelag har ikkje enno fått 7 millionar i spelemidlar, men håpar å få det.

– Eg synast det er alarmerande og ein veldig krevjande tanke at tippemidlar eventuelt skulle bli reduserte. Det ville vera ei veldig dårleg utvikling for all aktivitet rundt om kring i landet, seier leiar i Eikefjord Grendelag, Brigt Samdal.

Grendelaget skal no byggja fleirbrukshall ved Eikefjord barne- og ungdomsskule. Hallen kostar 35 millionar, og dei håpar at Norsk Tipping kan betala sju av dei.

Utan tippemidlar, er det veldig mange prosjekt som ikkje ville blitt realiserte, forklarer Samdal.

Frivillige organisasjonar kan tapa pengar på liberalisering

Eikefjord Barne- og ungdomsskule

HÅPAR PÅ SPELEMIDLAR: Elevane ved Eikefjord Barne- og ungdomsskule får ny fleirbrukshall som dei håpar blir betalt blant anna av Norsk Tipping.

Foto: Randi Indrebø / NRK

Dersom regjeringa legaliserer utanlandske pengespel, vil Norsk Tipping mista monopolet sitt. Dette vil bli kalla ei lisensordning, fordi utanlandske pengespelaktørar som Unibet og Betsson vil kunna søka om lisens til å driva i Noreg.

Den auka konkurransen kan føra til at Norsk Tipping får mindre inntekter. Det kan igjen gå ut over frivillige organisasjonar. Norsk Tipping gir nemleg heile overskotet sitt til samfunnsnyttige føremål som til dømes slike organisasjonar.

For å finna ut konsekvensane av ei lisensordning, bestilte Kulturdepartementet ein rapport frå Rambøll Management Consulting. Denne utgreiinga spår at det norske samfunnet sine direkte inntekter vil bli reduserte dersom utanlandske aktørar får innpass i den norske marknaden.

Det er fleire ulike variantar av lisensordninga som er aktuelle. Dersom regjeringa bestemmer seg for å la utanlandske selskap driva med både sportsspel og online kasino og lotteri, vil frivillige organisasjonar oppleva store reduksjonar i spelemidlar. Tapet i inntekter til det norske samfunnet vil då utgjera over 700 millionar kroner, ifølge rapporten til Rambøll.

Norsk Tipping

KAN FÅ KONKURRANSE: Norsk Tipping kan få konkurranse av utanlandske pengespel.

Foto: Randi Indrebø / NRK

Frp ynskjer skatteinntekter frå utanlandske pengespel

Frank Willy Djuvik

VIL LIBERALISERA: Frank Willy Djuvik (Frp) meiner at einerettsmodellen er utgått på dato.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Gruppeleiar i fylkestinget i Sogn og Fjordane, Frank Willy Djuvik (Frp), meiner at einerettsmodellen er utgått på dato, og at det er på tide å sikra seg skatteinntekter frå dei utanlandske pengespela.

– I dag brukar folk internett. Ein klarar ikkje ha kontroll på den speleaktiviteten som går føre seg. Det er klart at ei lisensordning, der ein slepp til både utanlandske aktørar og andre, vil kunna medverka til at ein får dette inn i meir kontrollerte former enn det me har i dag, seier Djuvik.

I tillegg til Rambøll sin rapport om økonomiske konsekvensar av ei lisensordning, har Kulturdepartementet bestilt ein rapport frå Lotteritilsynet om konsekvensane for speleavhengnad og kriminalitet. Regjeringa planlegg å ha dei to utgreiingane ute på ei felles høyring før sommaren.